- Slik vil me gjera bygda vår meir attraktiv!

Timebuss, båthamner, turveg langs Vatsvatnet og trenarforum. Her er noko av det bygdene i kommunen har på toppen av ønskelista si for eit attraktivt Vindafjord. 


Alle grendelag var inviterte då Vindafjord kommune og Medvind24 Næringshage hadde kick-off for kommunen sitt attraktivitetsprosjekt torsdag 22. februar. Målet for det treårige prosjektet er å styrka Vindafjord som attraktiv bustadkommune.

- Me må finna kva som er styrken til den enkelte bygda, korleis kan dette styrkast og dermed vera med å styrka heile Vindafjord, meiner Vindafjord-politikarar Rune Hetland og Anne Cecilie Berentsen. Dei har stått i bresjen for den politiske forankringa og er del av arbeidsgruppa for attraktivitetsprosjektet. 

- Nedgangstrendar må snuast så snart som mogleg. Det har me også opplevd i Vikebygd. Samstundes som me vil snu trenden i kva enkelt bygd, vil me også vera med på å løfta totalen for heile Vindafjord, seier Rune Hetland, ein av dei politiske representantane i arbeidsgruppa for prosjektet. 

Attraktivitetsprosjektet er ei politisk initiert satsing, der Hetland og Anne Cecilie Berentsen er to av dei folkevalde som har gått bresjen for dette. 

- Som politikar er driven min å arbeida for levande bygder i heile Vindafjord, men i politikken opplever me diverre at mykje blir bygd ned. Me skal ikkje berre snakka om levande bygder, men praktisera det også og byggja dei opp, seier Berentsen. 

Samtlege oppmøtte hadde heimelekse på førehand der dei alle la fram eit ønska satsingsområde eller prosjekt for kvar bygd som kunne løfta buattaktiviteten i Vindafjord. Deretter skulle alle deltakarar også vera sambygdingar for kvar bygd i diskusjonen om korleis prosjekta kunne realiserast og styrka attraktiviteten. 

Dette var det ein samla attraktivitetsgjeng kom fram til for kvar av bygdene: 

Ølen

Frå grendeutvalet i Ølen møtte Torleif Heggebø og Anja Hauge Christiansen, som fekk med seg dei andre oppmøtte i brainstorming rundt tilbodet om timebuss i Vindafjord: 

- Eit av prosjekta me kunne tenkt oss å få på beina igjen er ein timebuss i Vindafjord. Dette var eit prosjekt som var godt utarbeida, og nesten klart til å bli iverksett: Bussar som går kvar time mellom byggefelt og bygdesentrum i gamle Ølen kommune. Då Ølen blei del av Rogaland måtte heile prosjektet starta på nytt att, og diverre hoppa initiativtakarane av. Men hadde det ikkje vore kult om me kunne knytt bygdene våre saman med bussar som gjekk kvar einaste time mellom bygdene våre? Dermed kunne Ølen blitt meir attraktivt for dei andre bygdene, samstundes som fleire enklare kunne koma seg til andre sentrale arenaer og aktivitetar i bygder i heile kommunen. Dersom me hadde klart å tilby dette til ein rimeleg penge, kunne det blitt eit viktig tilbod for mange. Ser me til Haugesund, har bussbruken gått opp med 50 prosent etter at billettprisane blei sett ned til ein tiar. 

- Med turveg frå Kårhus til Knapphus langs Vatsvatnet kan me bidra til  å knyta bygda endå tettare saman, samstundes som me sikrar mjuke trafikantar og gir eit godt friluftstilbod for alle innbyggjarar, påpeika Tor Olav Gregersen frå Vats Grendeutval. 

Vats

Tor Olav Gregersen og  Christine Skrunes frå Vats grendalag løfta moglegheitene rundt ny turveg som eit stort potensial for bygda: 

- Veg er ein av utfordringane; både auka trafikk langs E134, men også mangel på gang- og sykkelveg mellom Knapphus og nedre Vats. Me har tenkt på eit alternativ til denne, nemleg ein turveg langs Vatsvatnet frå Kårhus til Knapphuskrysset. Dette blir ikkje berre eit tiltak som sikrar tryggleiken for mjuke trafikkantar, men også eit prosjekt med fleire positive bieffektar: Det kan bidra til å ytterlegare å knyta saman øvre og nedre Vats og verka endå meir samlande for bygda. Me er allereie eit mykje brukt turbygd, med meir enn 7000 nuteringar i fjor. Ein slik veg vil også styrka noko av det me allereie er gode på: tur- og friluftstilbodet. 

Vikebygd

Solveig Hortmann frå Vikebygd peika på bygda si plassering i Ålfjorden og båtturismen som utviklingspotensiale for bygda: 

- Vikebygd er jo Ålfjordens perle! Det er ikkje berre eit namn, men eit faktum. Me er den største bygda i Ålfjorden og opplever at mange tek sjøvegen til oss. Me har godt med industri, fritidstilbod og tomter sentralt i bygda. Men dei som ønskjer å busetja seg i Vikebygd ønskjer seg ofte litt meir i ei tomt enn det me har, og det er ønska at det blir tilrettelagt for større tomter enn det me har per i dag. 

- Mange tar båtturen til Vikebygd, og med plasseringa vår i Ålfjorden kan det vera eit potensial i dette. For å ytterlegare utvikla denne besøkstrafikken til sjøs, har me tenkt på moglegheitene for å leggja endå betre til rette for båtturistar å komma til bygda. Ein drivstofftank ved fjorden kunne vera eit godt tiltak for dette. 

- Bjoa har eit godt utgangspunkt for ei levande bygd, som me gjerne vil dela med fleire innbyggjarar. Det springande punktet er kva vil hyttefolket ha som kan bidra til at dei nyttar bygda meir, og vil busetja seg her,  meiner Gunnar Dalen frå Bjoa Grendelag. 

Bjoa

Gunnar Dalen fekk med seg resten av møtelyden på  brainstorming rundt korleis hytteturistar kunne bli bjoabuar, og fekk fleire innspel på å utvikla Bjoa til båtbygd: 

-  Me har dei viktigaste tinga på plass, det alle legg vekt på som grunnlag for det gode liv: flotte tomter, skule, barnehage, lett tilgang til fjord og fjell og mange arbeidsplassar rundt oss.Som fleire andre bygder i kommunen aukar folketalet om sommaren,  og me må spørja oss kva me kan gjera for å få hyttefolket til å stansa på Bjoa endå lengre, leggja meir igjen i bygda og kanskje busetja seg hjå oss . Det må kartleggjast kva hyttefolket treng og ønskjer, og så tilby dei det.Med si plassering sentralt i sunnhordlandsbassenget har Bjoa eit stort potensial for båtliv. Så kva med å satsa stort på båt? Båthamna på Bjoa er i særklasse, og det vil sikkert vera grunnlag for å utvida den og kanskje tilby vinterlagring av båtar på land? Det kan i neste omgang også gi arbeidsplassar. Kanskje de kan selja inn at "Bjoa er bygda som er glad i båten din»?

Vikedal

Vikedal har levande idretts- og aktivitetsmiljø og slå eit slag for felles trenarforum på tvers av bygdane i heile kommunen:

Vikedal stilte mannsterke på møtet. Frå venstre: Olav Nes, Kari Frøland Mo, Marianne Andersen og Lars Bryn Rønnevik. 

- Me har alle våre ting me føler me er gode på i Vindafjord, og nokre bygder har sine idrettstilbod og aktivitetar dei er særleg sterke på. Så kva med eit trenarforum på tvers av bygder og aktivitetar? Slik kunne me samla leiar- og trenarkompetanse frå alle bygder og dra vekslar på kvarandre. Laga kan dra nytte av kvarandre sine ressursar, og me kunne styrka alle aktivitetar med fleire engasjerte frå heile kommunen uavhengig av bygdegrensene. Eksempelvis kunne Nmk Vikedal slik utveksla erfaringar med andre lag som driv med ein heilt annan aktivitet, gjerne i same aldergruppe. Det kunne også gitt oss moglegheit til å dra med endå fleire ungdommar i laga, og styrka miljø rundt fleire idrettar og aktivitetar. Ved å få endå fleire ungdommar engasjerte i disse miljøa, kan det bidra til sterkare tilknyting til Vindafjord, og i neste omgang kan de hende dei også vil busetja seg her.


Ølensvåg

Helene Vassnes og Geir Magne Torvestad representerte Ølensvåg: 

- Me har godt med arbeidsplassar og tomter. Nå er også betre vegløysingar under arbeid. Det har vore eit sakn med eit utvida sentrumsområde i bygda, noko som også er under planlegging gjennom Ølensvåg utvikling. Dette er det jobba med ei stund og kan vera med på å opna for store moglegheiter i Vågen. Der vil me snu litt opp-ned på sentrum, få større område til næringsbygg og bustader. Dessutan kunne me svært gjerne tenkt oss ein badeplass ved sjøen tilgjengeleg for ålmenta! 

- Større tomter og ikkje berre bustadfelt står på ønskelista hjå Hanne Eikemo Imsland frå Imsland grendelag. 

Imsland

Større tomter kan bidra til betre buattraktivitet i Imsland, meiner Hanne Eikemo Imsland: 

- Me jobbar mykje med trivselstiltak i bygda, men merkar at fleire tilbod forsvinn ut av bygda. Me har skule og barnehage og er sterke på oppdrett og landbruk, som står for storparten av arbeidsplassane i bygda. Me har også kort veg til kommunesentrum i Vindafjord og til Sauda og Sand. Me har tomter tilgjengeleg i bustadfelt, men det er også ønskjeleg med større tomter for dei som vil busetja seg i Imsland. Ikkje alle vil naudsynleg busetja seg i eit byggjefelt, og vil ha nokre mål rundt seg gjerne i nærleiken av garden dei har vakse opp på. For mange ville det vore eit viktig tilbod å få tilrettelagt for større tomter utanom bustadfelta. 


Skjold 

Eit godt definert sentrum i Skjold må ha hovudfokus, meinte Arne Gunnar Habbestad, snart tilflytta Skjoldabu: 

- Skjold er Vindafjord-bygda som ligg nærast Haugesund. Det er ein viktig kvalitet, og Skjold er gjerne også difor ein av dei områda i kommunen som kan vera enklast å få utvikling i. Det vil vera viktig å tenkja god sentrumsutvikling og auka handel i sentrum i Skjold. Det er også sett av pengar til eit prosjekt rundt sentrumsutvikling i Skjold, og me må prøva å definera sentrumsområde i Isvik. Etter at Skjold Arena kom har også trafikken på vegen gjennom Skjoldavik auka på, og denne strekninga må oppgraderast for gjennomgangstrafikk. Dette vil vera også ein viktig del av ei framtidsretta sentrumsutvikling i Skjold. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips