Tomteutvikling gir vekst   

No kan du sikre deg attraktive tomter i Skjold og Vikebygd.  Sentral plassering og naturlege omgjevnadar er avgjerande for å utvikle gode bustadfelt , meiner utbyggarane.

Image
Sigmund Langeland og Bjørn Frode Hustoft frå Kalstveit & Vik meiner attraktive tomter er viktig for å sikre tilflytting i bygdene. Dei har både ledige tomter og hus på det utvida bustadfeltet Trovåg Nord.  Foto: Kristian Risanger.

 

Trovåg Nord har vore på teiknebordet til Kalstveit & Vik lenge og er ei utviding av det eksisterande bustadfeltet på Trovåg. 11 av dei 17 nye og regulerte tomtene er allereie selde. I tillegg har også 2 av 10 ferdige bustadar som er planlagt midt i det nye feltet fått nye eigarar.  Trovågfeltet  ligg ved Ålfjorden, fire kilometer frå Skjold i retning Vikebygd.   

-Dette er tomter som ligg sjønært til ein fiskerik  fjord og gir flotte høve til å nytte seg av naturen rundt feltet. I tillegg får ein tilgang til gode som velforeininga har etablert frå før, blant anna badestrand og båtopptrekk. Plass i ny båthamn med eiga bod er det også moglegheit for å kjøpe, fortel seljar Bjørn Frode Hustoft og viser til at både tomtene og dei planlagde bustadane kan passe for både einslege, eldre og barnefamiliar. Han meiner også gang - og sykkelstien som er under bygging frå  Håkull og fram til Malasetvatnet er eit stort pluss for det nye bustadfeltet.   

-Det er også ferdigstillt ein flott leikeplass i feltet, det er kjekt for barnefamiliane som ynskjer å bu her, meiner Hustoft.   

Dei ferdige bustadane som er under planlegging er ulike i storleik, og varierer frå 114 til 126 m2 i bruksareal.  

Risiko med store felt   

Kalstveit & Vik som har kontor i Skjold er ein del av Norgeshus-kjeda og har 25 tilsette. Dei konsentrerer verksemda i stor grad om husbygging i regionen, sjølv om dei også har oppdrag med hyttebygging eller mindre næringsbygg innimellom. Sigmund Langeland og Bjørn Frode Hustoft kom inn på eigarsida i bedrifta i 2017, då Tor Vik valde å trappe ned etter 45 år. No er det Langeland som har overtatt leiarstolen i bedrifta og utvidinga av Trovåg-feltet er eit godt døme på prosjekt som dei tidlegare eigarane la grunnlaget for.   

-Me valde å fortsetje med desse planane sidan me hadde tru på feltet. Det er jo risikosport å bygge ut så store felt, det er mange faktorar som er ukjente og som kan påverke resultatet. Samstundes er det med på å sikre oss godt med arbeid i åra framover, meiner Langeland og viser til at ordrereserven i bedrifta framover er god.   

-Ikkje minst er det kjekt å sjå at interessa for feltet var så stor allereie før me i grunn hadde starta å marknadsføre det.   

Sentrumsnære tomter   

Vikaneset Panorama  har seld ut 45 av dei 69 tomtene i feltet, noko dagleg leiar Arne Gunnar Habbestad er godt nøgd med. Bustadfeltet ligg sentralt i Skjold og med kort avstand til skule, barnehage og fritidsaktivitetar. I samband med feltet blir det bygd eit rekordstort kaianlegg for om lag 125 båtplassar. Arbeidet med å utvikle feltet starta allereie i 2009,   medan  salet av tomter starta i 2014 Habbestad er klar på at slike prosjekt ofte tar tid før ein lukkast med godt sal.   

-Plasseringa av tomtene er heilt avgjerande for å få interesse. Folk likar å bu sentralt, og vil gjerne kunne sleppe barna ut på fritidsaktivitetar utan at dei må køyre langt. Prisen betyr nok også noko når ein skal velje buplass, men aller mest plasseringa, meiner Habbestad som sjølv bur på Vikaneset.   

-Det er og positivt at ein kan bu i Skjold og pendle i fleire retningar, meiner Habbestad.  

Han trur og at mange gler seg over at  tomtene er klausulfrie dei einaste avgrensingane er høgde  og  kor stort areal ein kan bygge på av tomta. 

-Det er ein fridom mange set høgt, meiner han.  

I tillegg til tomtene eig Vikaneset Panorama eit  område der det er planlagt 18 leilegheiter og område  som er  berekna for 19 småhus for sal . Vikaneset Panorama AS er eigd av Omega Hus AS og Vindafjord Tomteselskap AS.   

Tomter i grendene  

Morten Helland i Vindafjord Tomteselskap er glad for at mange vel å etablere seg i Vindafjord og ute i bygdene. Han viser også til at tomteselskapet har eit prosjekt med tomter i bustadfeltet Lio i Vikebygd. Av dei 19 tomtene i feltet er fem stykk selde.   

-Det gir jo dei som ynskjer å etablere seg i Vikebygd eit godt utgangspunkt, her kan ein velje mellom fleire gode tomter, slår Helland fast.   

Vindafjord Tomteselskap har i tillegg til feltet i Vikebygd og Vikaneset Panorama også ledige tomter i både Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Imsland, Vikedal og Vats  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips