SØK går inn i Haugaland Kraft 

Frå og med 1. september blir Skånevik Ølen Kraftlag AS (SØK) ein del av Haugaland Kraft. Jan-Erik Fedje blir avdelingsleiar for den nye regionen som har fått namnet Region Øst.

Alle dei tilsette i Skånevik Ølen KRaftlag vil behalda arbeidsplassen sin lokalt på Indre Haugalandet med avdeling i Ølen. 


SØK vedtok på generalforsamling tysdag 13. juni å integrera selskapet i Haugaland Kraft, dagen etter at Haugaland Kraft si generalforsamling gjekk inn for det same. 

 - Dette vil sikra både ei effektiv drift og verdiane som har blitt bygde opp i SØK over lang tid. Me er glade for at me nå kan tilby kundane våre meir konkurransedyktige prisar og produkt, seier dagleg leiar i Skånevik Ølen Kraftlag Kristoffer Vannes i ei pressemelding

Samanslåinga vil ha ei rekkje positive ringverknadar. Mellom anna vil dette møta krava til selskapsmessig og funksjonelt skilje som alle kraftselskap må i innfri innan 1. juli. 

Sikrar lokale arbeidsplassar

Alle tilsette i SØK vil bli tilsette i Haugaland Kraft. Avdelinga i Skånevik blir oppretthaldt, og Ølen blir lokasjon for ei større avdeling med lokal tilhøyre i Haugaland Kraft. 

Jan-Erik Fedje blir frå 1. september avdelingsleiar for Haugaland Kraft Region Øst, som utgjer Indre Haugalandet. Han er i dag avdelingsleiar nett i SØK.

Noverande dagleg leiar i SØK, Kristoffer Vannes, har sjølv valt å gå over i ei stilling i Haugaland Kraft Nett AS og skal ha hovudbase i Haugesund.

- Ved å fusjonera med Haugaland Kraft sikrar me både dei tilsette sine arbeidsplassar, betre prisar for alle kundar, samstundes som me bevarer verdiane i SØK sitt område. Me sel oss ikkje ut, me kjøper oss opp i Haugaland Kraft, understreka Vannes under informasjonsmøta om den føreståande fusjonen tidlegare i år

Eigarskapet vil forbli lokalt forankra etter fusjonen med Haugaland Kraft. Årleg utbyte frå Haugaland Kraft vil gå til SØK AS.

- Det er eit krav at eigarane våre skal ha bustadadresse i vårt område, seier Vannes. 

Lågare nettleige

Fusjonen vil også gje direkte økonomiske fordelar til kundane, og vil utgjera betydelege reduksjonar i nettleiga for både vanlege hushaldingar så vel som næringslivet. 

Kvar husstand vil spara om lag 3800 kroner årleg i nettleige. For dei største næringslivskundane kan reduksjonen utgjera store summar årleg. Dei aller største bedriftene, som blant anna Westcon vil kunna spara litt over ein million i året. For mindre bedrifter vil reduksjonen utgjera nokre titals tusen årleg.

Fusjonen vil også bidra til at forsyningssikring og beredskap blir styrka. Effektiv og lønsam drift er blitt ei stadig større utfordring for dei små nettselskapa, etter kvart som det blir større krav frå kundane, strengare og meir kompleks regulering og store teknologiske utfordringar. 

- Kraftbransjen står ovanfor store strukturelle endringar og behovet for investeringar i nett er store i åra som kjem. Dei strukturelle endringane vil sikra konkurransedyktige tenester for kundane, og vekst for eigarane, seier konsernsjef i Haugaland Kraft Olav Linga. 

Oppgjeret for Skånevik Ølen Kraftlag vil være i form av aksjar i Haugaland Kraft AS. SØK si verksemd og aksjar i SKL blir overført til Haugaland Kraft sine respektive dotterselskap, samstundes som SØK AS blir aksjonær i Haugaland Kraft AS.

Eigarfordeing etter fusjonen: 

Eigar Andel
Karmøy kommune 42,73 %
Haugesund Kommune 30,47 %
Tysvær kommune 9,34 %
Vindafjord kommune 6,53 %
Sveio kommune 4,81 %
SØK AS 4,70 %
Bokn kommune 1,03 %
Utsira kommune 0,39 %


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips