Skinnande reint på Steinsland

I Sandeid opnar det snart ein flunkande ny vaskehall. På Steinsland Storlager kan ein nyte obligatorisk kviletid, ta ein dusj eller laga seg eit måltid.

Image
Eigarane Reidar Matre og Jan Harald Stople er godt nøgd med at vaskehallen snart kan tas i bruk.


 - Korleis me kom på ideen? Det er eit godt spørsmål, Reidar hadde ein hall liggande og eg hadde tomt , flirer Jan Harald Stople som saman med Reidar Matre er eigar av Steinsland Storlager. 

Steinsland Storlager skal bli så fleksibelt som mogeleg. Det rommar lagerplass og ein stor vaskehall for køyretøy av alle slag. Dei vonar at dette vil kunne skapa nye arbeidsplassar for andre, og dei vil sjølv stå for drifta av vaskehallen.

- Her kan du vaske kva du vil, lastebilar, buss, traktor og bubilar. Du kan vaske automatisk eller manuelt og me har underspyling. Du kan fylle på spyleveske frå tank, noko som gjer det meir miljøvennlig då me slepp alle plastdunkane, fortel Stople.

I tillegg vil det bli moglegheit for å desinfisere bilar og få dokumentasjon på det, for dei som treng dette. Når bilen vaskes har sjåførane både kjøkken og garderobe med dusj tilgjengeleg. Det vil og bli god plass på parkeringsplassen utføre hallen for dei som treng å ta køyrepausen sin.

- Det vert stadig færre stadar å stoppe med lastebil langs Ølsfjorden for dei som treng å ta ut obligatorisk kviletid, derfor ser me føre oss at dette er eit tilbod som kan koma godt med for dei som køyrer forbi dette distriktet, seier Stople. 

Privatkundar vil etterkvart kunne betale via Vipps, og sidan hallen skal vera døgnopen kan ein ta bilvasken når ein sjølv ønskjer. 

Lager for det du måtte ønskja

I tillegg til vaskehallen byggjer Matre og Stople eit stort lager. Der kan dei som ønskjer kan leige plass.

-Det er hovudsakeleg tenkt for bedrifter, men om privatpersonar har noko dei vil lagre kan me finne plass til det og, seier Stople.

Lagerplassen kan koma godt med for dei sjølve og deira eigne maskinar då dei har fleire bedrifter i sving frå før. Jan Harald Stolpe driv Stople Maskin og Reidar Matre driv både Chainco og Sirius Shipping.

-Hadde me ikkje hatt så mange hattar, hadde me kanskje ikkje hatt noko å gjera heller, flirer Matre.

Godt innspel i koronatida

Grunnarbeidet starta i februar medan bygginga tok til i juni dette året. Dei har berre hatt lokale leverandørar i sving i dette prosjektet, og dei har heller ikkje hatt tidspress på prosjektet, noko som truleg har vore godt for dei involverte bedriftene denne våren.

-Det har til tider gått sakte framover grunna korona. Nokon har vore heime med born då skulane og barnehagane vart stengde og andre har vore i karantene etter reiser til heimland, fortel Stople.

Nå manglar det kun nokre portar før vaskehallen kan setjast i gong, og dei vonar dei er på plass innan få veker.

 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips