Sikrar lokal framtid og lågare prisar 

Som nytt eigarselskap i Haugaland Kraft vil SØK  vera sikra ei lokal framtid. Samstundes vil fusjonen medføra nærare 4000 kroner mindre i årleg nettleige for den vanlege kunde, og millionar for næringslivet i Vindafjord og Skånevik. 

- Fusjonen vil også gje gje direkte økonomiske fordelar til kundane, og vil utgjera betydelege reduksjonar i nettleiga for både vanlege hushaldingar så vel som næringslivet, seier dagleg leiar Kristoffer Vannes. Måndag informerte han Søk sine næringslivskundar i Vindafjord om den planlagde fusjonen. (Foto: Fikse Næringsutvikling)

- Ved å fusjonera med Haugaland Kraft sikrar me både dei tilsette sine arbeidsplassar, betre prisar for alle kundar, samstundes som me bevarer verdiane i SØK sitt område. Me sel oss ikkje ut, me kjøper oss opp i Haugaland Kraft, seier dagleg leiar i Skånevik Ølen Kraftlag (SØK), Kristoffer Vannes. 

9. desember 2016 inngjekk SØK og Haugaland Kraft ein intensjonsavtale om fusjon innan 01. januar 2018. Det er eit naudsynt grep for å overleva i ein marknad med stadig skjerpa rammevilkår og hardare konkurransen frå dei store nettleverandørane i landet. Samstundes vil det sikra lokal kompetanse og garantera trygge og tilgjengelege tenester i SØK sitt konsesjonsområde i framtida. 

Lågare nettleige 

- Me skal levera like gode, driftssikre og tilgjengelege tenester i framtida som me gjer i dag. Og det er avgjerande for oss å bevara både kompetansen og beredskapen her lokalt. Alt dette ville me ikkje klart dersom me held fram som dagens SØK. Derimot vil dette vera sikra saman med Haugaland Kraft, meiner Vannes. 

Årleg utbyte frå Haugaland Kraft vil gå til SØK AS. Fusjonen vil også gje gje direkte økonomiske fordelar til kundane, og vil utgjera betydelege reduksjonar i nettleiga for både vanlege hushaldingar så vel som næringslivet. SØK ligg i dag på 90. plass over billigaste pris (tariff) på nettleiga i Noreg. Som eigar i Haugaland Kraft vil tariffen enda opp som den 9. billegaste i landet. Me vil kunna gjera same jobben til billigare pris, påpeikar Vannes. 

- Kvar husstand vil spara om lag 3800 kroner årleg i nettleige. For dei største næringslivskundane kan reduksjonen utgjera store summar årleg. Dei aller største bedriftene, som blant anna Westcon vil kunna spara litt over ein million i året.  For mindre bedrifter vil reduksjonen utgjera nokre titals tusen årleg, fortel han. 

Alle medarebidarar i SØK vil behalda arbeidsplassen sin lokalt. Også på eigarsida skal det framleis vera lokal forankring etter fusjonen med Haugaland Kraft. 

Lokalt eigarskap og lokale arbeidsplassar

Samstundes vil både kompetansen og verdiane i SØK bli lokalt i SØK sitt nåverande konsesjonsområde: Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Vikebygd, Skånevik og Åkrafjorden. 

- Ingen tilsette i SØK vil mista jobben, og alle vil behalda arbeidsstaden sin lokalt med avdeling i Ølen. I tillegg vil også eigarskapet forbli lokalt forankra etter fusjonen med Haugaland Kraft. Det er eit krav at eigarane våre skal ha bustadadresse i vårt område, fortel Vannes. 

Aksjebrev til eigarane går ut i desse dagar. Aksjedelen blir rekna ut frå omsetnad frå kvar eigar i løpet av dei siste fem åra. Dersom du som SØK-kunde har betalt 20.000 kroner årleg frå og med 2012, vil dette utgjera 100.000 aksjar. Ei krone betalt, gir ein aksje i SØK. 

Aksjemengda vil derimot ikkje bety noko under avstemminga på generalforsamlinga. 

- Aksjelova gir selskapet stor valfridom i å fastsetja stemmefordelinga, og styret vil vidareføra stemmefordelinga slik ho er i dag der ein eigar har ei stemme, uavhengig av aksjemengda. Slik unngår ein at nokon kjøper seg opp til ein dominerande posisjon i selskapet, seier Vannes. 

Avdelinga i Ølen vil sørga for at Haugaland Kraft når om eit større omland frå indre Haugalandet. Etter planen vil SØK bli fusjonert med Haugaland Kraft innan 1. januar 2018

Større krav 

Fusjonen med Haugaland Kraft kjem som følgje av både hardare rammevilkår frå styresmaktene, så vel som større krav frå kundane og fleire forretningsmessige utfordringar for mindre kraftselskap i Noreg. 

- Styresmaktene «skrur til» inntektsrammene, og mindre norske kraftselskap ser mørkt på framtida etter signala gitt frå sentralt hald. Rammevilkåra er blitt stadig trongare for dei mindre selskapa. 40 prosent av rammene blir bestemt av våre eigne driftskostnadar, medan 60 prosent blir avgjort av «bransjen», og då er det dei flinkaste og største selskapa som blir premissgivande, fortel Vannes. 

Det er i dag 140 nettselskap i Noreg, halvparten av desse har færre enn 6000 kundar, og som ei følgje av dei nye rammevilkåra frå styresmaktene vil talet på nettselskap bli reduserte. Samstundes er det signalisert krav til restrukturering i nettselskapa, noko som også vil setja dei minste under press. 

- I tillegg står me overfor store forretningsmessige utfordringar. Det blir stadig større krav frå kundane, strengare og meir kompleks regulering og store teknologiske utfordringar. Effektiv og lønsam drift er blitt ei stadig større utfordring for dei små nettselskapa, seier Vannes. 

Han seier SØK vurderte fleire moglege løysingar, blant anna fusjon med andre og mindre kraftselskap, men til slutt var det den nå planlagde modellen med Haugaland Kraft som viste seg å vera den beste og mest berekraftige. 

- Dersom me ikkje gjer dette nå er det stor fare for at verdiane i SØK vil falla. Dette er også ein av dei same årsakene som låg til grunn då kraftselskapa i gamle Ølen kommune og Skånevik gjekk saman til eit selskap i 1978, minner Vannes om.

Vinn-vinn 

Også for kraftstorebror Haugaland Kraft er utforringane blitt større. Det blir jobba hardt for å auka konkurransekrafta og å behalda selskapet regionalt forankra, seier Alf Olav Grinde, seniorrådgiver i Haugaland Kraft. 

- Nett-Noreg slår seg saman, og me må jobba hardt for å bevara posisjonen vår. Om me ikkje klarer dette, vil Haugalandet mista Haugaland Kraft til Austlandet, påpeikar Grinde. 

Eit stort område kan driftast frå avdelinga i Ølen, og med dette kontoret på Indre Haugalandet vil Haugaland Kraft nå ut til eit endå større omland. 

 - Me i Haugaland Kraft er også avhengige av dei mindre kraftlaga for å driva effektivt og lønsamt i framtida. Store kostnadar kan fordelast på fleire, i staden for at me kvar for oss må ta børa med store IT-system og liknande. I tillegg vill me også kunna utnytta felles ressursar betre, seier han. 

Haugaland Kraft er i dag blant dei ti største leverandørane rekna i tal nettkundar, og det blir stadig satsa større. 

- Me har ein strategi om å auka frå 37.000 til 60.000 breibandskundar, og frå 55.000 til 100.000 straumkundar. Vekst er i seg sjølv ikkje eit mål, men me må tenkja vekst for å sirka lønnsemda og dermed vera i stand til å behalda posisjonen vår, seier Grinde.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips