Scarabeo 5 på veg til Afrika 

I dag tidleg reiste Scarabeo 5 frå Westcon Yards i Florø, med retning mot Angola i Vest Afrika. 


Foto: Westcon Florø. 


Riggen har vore i opplag hjå Westcon sidan den avslutta kontrakten med Equinor i 2017. Nå i sommar har Westcon utført 5års-klassing, som er ei formell kontrollering av at alt er som det skal på riggen. Vertfet har også gjennomført nokre ombyggingar for å gjere riggen klar for det neste oppdraget. 

- Denne jobben har gått veldig bra, me har gjennomført ombygging og klassing på kortare tid enn planlagt og uten personskader. Me har bidratt med prosjektleiing frå Ølensvåg, medan det meste av arbeidet er utført av teamet i Florø, seier prosjektleiar Stian Røsdal og viser til at arbeidet har pågått halvanna månad. 

-Det er første gong det blir utført denne type arbeid på rigg i Florø, dei arbeider stort sett med skipsreperasjonar til dagleg, men me er godt nøgde sluttresultatet fortel Røsdal. 

Det er ikkje heilt klart kva type oppdrag Scarabeo skal på, men truleg er det ikkje ein ny borekontrakt, men derimot såkalla "non-drilling scope of work". Oppdragsgjevar for Westcon og eigar av riggen er italienske Saipem. Det vil ta i overkant av ein månad før riggen er ved måldestinasjonen Angola. 

-No går dei ut og blir liggande eit par dagar på fjorden utafor Florø for sjøtesting, så går ferda vidare til Las Palmas der det blir mannskapsbyte før ein byrjar på siste etappe, fortel Røsdal.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips