Satsar 11 millionar på grøn energi 

Vindafjord Biovarme har levert flisfyrt fjernvarme sidan 2006. No er eit nytt bioenergianlegg i ferd med å reisa seg i Ølen, og kapasiteten blir seksdobla. 

Harald Selsaas i Vindafjord Biovarme reknar med at bioenergianlegget skal vera klart til å takast i bruk før jul. Alle foto: Ellen Marie Hagevik

 

Arbeidet med nye produksjonshuset, som skal romma omn, kjele og flisbinge, har pågått utan at så mange har lagt merke til det. Anlegget ligg nemleg like ovanfor den nye brann- og ambulansestasjonen som er under bygging i Ølen. 

Vindafjord Biovarme vart stifta i 2006, og har levert flisfyrt oppvarming med vatn til rådhuset, omsorgsenteret, åtte omsorgseiningar og lege, ambulanse og brann i Ølen. Kapasiteten på anlegget, som står i ein container ved Ølen omsorgsenter, er 900.000 kWh i året. 

- Produksjonen har vore ca. 80-90 prosent av dette for å dekka behovet fram til no. I det nye anlegget har vi gått for ein sveitsisk kjele som blir rekna for å vera Mercedesen på marknaden. Kapasiteten vil bli seksdobla, medan produksjonen er budsjettert til 2,1 GWh (2,1 millionar kWh) som er det tredoble av i dag. Det kan fort bli meir sidan nybygget til Ølen vgs og kulturhuset har kome til seinare. Anlegget vil også bli endå meir stabilt, og ikkje minst har omnen det aller siste av teknologi. Noko som mellom anna gjer at den taklar meir fukt i flisa, og at anlegget gjenvinn varmen som tidlegare vart fyrt for kråkene, seier Harald Selsaas. 

Fornybar og CO2-nøytral

Han er frå Nedre Vats og ein av dei fire eigarane som er att sidan oppstarten av Vindafjord Biovarme. Saman med Arild Urdal (Øvre Vats), Hans Inge Hiksdal Øglænd (Ølen) og Torkjell Svalland (Bjoa) satsar han 11 millionar kroner på det nye bioenergianlegget. Dei brenn, bokstavleg tala, for å nytta den kortreiste energien all skogen i Vindafjord utgjer.

- Vindafjord veks over av grøn energi i form av skog. Det er utfordrande å få omsett skog som ikkje går til materiale. Vi har ingen papir- eller massevirkeindustri nært nok til å nytta skogsavfall, som ikkje tåler å fraktast langt før det taper seg. Då er eit bioenergianlegg som dette ei god løysing. Energien vi produserer er kortreist, fornybar, CO2-nøytal og slepp ut like mykje CO2 som om trevirket hadde blitt liggande å rotna. Med den nye omnen vil vi også kunna brenna flis av såkalla tørrgran som ikkje kan nyttast til materiale og ligg igjen på hogstfelta, sier Selsaas. 


Kjøper kommunen sine røyr 

11 millionar kroner er mykje pengar, og prosjektet hadde ikkje gått utan støtte frå Innovasjon Norge og langsiktige avtalar for omsetnad av bioenergien. 

- Innovasjon Norge kan bidra med inntil 45 prosent av totalkostnadane til slike prosjekt, og Vindafjord Biovarme har fått tilsegn om fem millionar kroner. Seks millionar fordelt på fire mann er framleis mykje pengar, og vi hadde ikkje kunna satsa utan ein langsiktig avtale med Vindafjord kommune på 10 år med 10 år opsjon. Med det nye anlegget skal vi også levera til den nye brann- og ambulansestasjonen, det nye påbygget til Ølen vidaregåande skule på 3.000 kvadratmeter, bygget der Ølen svømmehall er og det nye kulturhuset, seier Selsaas. 

Med i avtalen er også at Vindafjord Biovarme kjøper eit par hundre meter av røyra som er Vindafjord kommune sin del av prosjektet. Prisen er sett til knappe 600.000 kroner. 

Skal leggja røyr under E 134 

Graving av røyrgater, legging av nye røyr og sveising er i full gong mellom E 134 og det nye kulturhuset. Neste veke byrjar dei med å borra tre røyr under europavegen. Trafikken vil gå som normalt oppå vegen. 

- I samband med denne jobben tok vi kontakt med ein heil del aktørar for å høyra om dei hadde behov for å strekkja noko under vegen når vi først hadde folk og utstyr på plass. Dei einaste som takka ja var Ølen Vassverk. Dei skal ha det eine røyret medan vi har trong for dei to andre, seier Selsaas. 

Det vert stilt høge krav til standarden på legging av fjernvarmerøyr, og med den høge varmen på vatnet som anlegget vil levera, kan det berre brukast stålrøyr. Plast vil ikkje takla temperaturen. 

Skal takast i bruk før jul 

- Vi la inn stålrøyr som er ein føresetnad i prosjektet, og det var nok med på å bidra til at vi vann anbodet i konkurranse med to andre. Dei spesielle røyra gjer at dei ikkje kan bøyast og må leggjast i rette vinklar. Det er også strenge krav til spesiell sveisekunnskap på slike røyr. Vi nyttar eit dansk firma som gjer slike jobbar i heile Europa. Og berre planlegginga av den nye røyrgata har kosta 150.000 kroner så langt, seier Selsaas. 

Planen er at det nye fjernvarmeanlegget skal takast i bruk før jul. Det vil ha ein oljekjele som eit slags reserveaggregat. Det gamle anlegget vil også kunna fungera som reserveanlegg til det er avgjort kva ein skal gjera med det. 

- Med den nye store flisbingen vil det ikkje vera trong for å fylla flis meir enn ein til to gonger i veka litt etter kva tid på året det er. Anlegget vil også krevja mindre tilsyn og vedlikehald, men vil likevel gje arbeid tilsvarande ein til to stillingar, seier Selsaas. 


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips