Roastrand utseld

Tidleg juni kunne Roa Tomteselskap skilte med å ha seld ut 30 bustadar på Roastrand-feltet i Ølen, og med det er alle bustadane selde. 

Image
Til saman er det seld 10 einebustadar og 20 leilegheiter gjennom bustadsprosjektet Roastrand.


Kombinasjonen av moderne standard og sentral plassering traff mange i alle aldersgrupper. 

- Me har seld til alt i frå nyetablerte, barnefamiliar, pensjonistar til einslege og ungdomar, seier Morten Helland som er dagleg leiar i Roa og Vindafjord Tomteselskap. Han viser til at mange har vore opptekne av nærleik til sentrum, god utsikt frå feltet og at det blir mindre hagearbeid og vedlikehald. I tillegg har bustadane vore gunstige på pris for nyetablerarar. Desse faktorane er noko kjøpar Jane Hustoft Svendsen frå Etne sat pris på då ho nyleg sikra seg ein av dei siste ledige leilegheitene på feltet. 

- Det er fin lokasjon med gode fasilitetar rundt, og sjølv om det er sentrumsnært er det eit roleg område. 

Etter sju år borte på studiar og jobb, har ho vendt nasen heim og vore på leit etter bustad i Etne ei god stund. Då ei venninne tipsa om leilegheit for sal på Roastrand, falt denne i smak. 

Image
Jane Hustoft Svendsen frå Etne sikra seg ein av dei siste leilegheitane på Roastrand i Ølen. Foto: Privat.

- Då eg såg leilegheiten i Ølen, var den akkurat det eg såg etter. Sjølv om den ikkje ligg i Etne, så tenkte eg det likevel var praktisk i forhold til trening og jobb, og sjølvsagt at det er kort avstand til heimbygda, der familie og venner er, legg Svendsen til og viser til treninga som går føre seg på Frisk Treningssenter og jobben som vernepleiar er i Vats ved demensomsorga. 

God respons

Til saman er det seld 10 einebustadar og 20 leilegheiter gjennom bustadsprosjektet Roastrand. Då Roa Tomteselskap som er sett saman av aktørane Berge Sag, Omega, Omega Hus og Vindafjord Tomteselskap, sette i gang med prosjektet i 2016, hadde dei ikkje rekna med ein så god respons som dei fekk. 

- Me hadde prosjektert utbygginga til tre byggetrinn som me skulle ta etter kvart som bustadane blei selde, men det heile enda i eit stort byggetrinn grunna førespurnadane me fekk inn, seier Helland og peikar på at det kan nok mykje skuldast både attraktiviteten av tomta, nærleiken til sentrum, og finansieringa via Husbanken. 

Viktig finansiering 

Helland legg vekt på at dei ønska at feltet skulle vere eit gunstig tilbod, der finansiering via Husbanken var ein viktig faktor. 

- Med finansiering via Husbanken kunne me nå ei brei gruppe av kjøparar, seier Helland, og legg til:

- Samla vog nok desse fordelane tungt inn, og det må også nemnast kor mange flinke ungdommar me har her som har spart pengane sine slik at dei har moglegheit å investere i eigen bustad. 

Både einebustadane og leilegheitene er laga med vannbåren varme, parkett og kvalitetsmaterial, noko som var viktig for utbyggjarane. Gjennom byggefasen har det vore mange lokale aktørar inne som Berge Sag Fagbygg, Tveit Maskin, Helgevold Elektro, Omega Areal, Edvards Byggeservice, Brødrene Mæland, Haugaland Bygg og Betong, Rørlegger Nils Torgrimsen. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips