Rekordstor etterspørsel

Granberg opplever ein rekordstor etterspørsel etter hanskar og smittevernutstyr. Likevel gir ein historisk låg kroneverdi økonomiske utfordringar. 

Image
Salsjef Mathias Granberg og andre tilsette ved Granberg jobbar no på spreng for å levere hanskar og smittevernutstyr. Foto: Christopher Kunøe, Byggmesteren.


-Me er på jobb døgeret rundt nesten, eg er heime for å ete og sove litt, seier salssjef i Granberg, Mathias Granberg. Med 12-timars arbeidsdag blir det lite tid til anna, i korona-perioden satsar også Granberg på stor bruk av heimekontor, dermed er det få tilsette på kontoret på Bjoa.   

Stor etterspørsel 

Mathias Granberg fortel om ein marknad som snart er umetteleg på hanskar og smittevern-utstyr som drakter og munnbind. Men trass i eit dobla sal den siste perioden set kroneverdien ein stoppar for rekordstor inntening. 

-Utfordringa er å tene pengar no framover. Me har all produksjonen vår i utlandet, og med ein rekordlåg kroneverdi slit me med å få dette til å gi skikkeleg avkastning, fortel Granberg.

-Men me kjem til å klare oss fint, det er eg sikker på, meiner han.

Tøffe tider

Bedrifta har 45 arbeidsplassar i Noreg, 12 i Sverige og 8 ved produksjonsfabrikken i Litauen. I dag arbeider dei aller fleste av desse heimanfrå. 

-Me såg koronafaren tidleg, mange meinte me var hysteriske då me byrja å sende heim folk allereie for eit par veker sidan, men me såg raskt at dette kan kome til å bli ein lang og krevjande periode for mange bedrifter, slår Mathias Granberg fast. 

Han ser at mange lokale bedrifter no får tøffe tider med permitteringar og dårlegare inntening, han kan framleis ikkje seie noko om eventuelle permitteringar også vil råke Granberg. Mathias meiner likevel det blir for enkelt å setje den låge kronekursen i direkte samband med koronaviruset. 

-Det heng sjølvsagt saman, men eg meiner nok at Europa ville møte ein periode med trong økonomi uansett. Denne smittesituasjonen me er i no er sjølvsagt med på å spisse situasjonen ytterlegare. 

Lang hanske-historie

Hanskeeventyret på Bjoa starta på 1960-talet då Paul Granberg fekk ideen om å skape arbeidshanskar som kunne gjere arbeidskvardagen lettare for både sveisarar, stålarbeidarar og fiskarar for å nemne nokre. Nede i kjellaren heime starta arbeidet, og der laga Paul det som skulle bli Granberg sin aller første skinnhanske.

I dag leverer bedrifta hanskar til kundar over heile verda, og er stadig på jakt etter ny kompetanse og betre løysingar for å kunne gi trygge og solide produkt, dei har også hausta fleire designprisar for hanskane sine. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips