Ragn-Sells kjøper Kaldheims Bildeler

Renovasjonsselskapet Ragn-Sells har kjøpt alle aksjane i Kaldheims Bildeler. 


Ingve Hegerland seier drifta ved Kaldheims Bildeler ikkje blir påverka av nye eigarar. (Foto: Kristian Risanger)


Leiv Magne Larsen som til nyleg har vore dagleg leiar i Kaldheims Bildeler går no av med pensjon, dermed var det tid for å tenkje nytt hjå bilopphoggaren i Sandeid. 

– Ragn-Sells har satsa på bilhopphoggarar som driv med sal av brukte bildelar ei stund no, og kjøpt opp fleire aktørar. Oppkjøpet påverkar ikkje drifta her lokalt, så kunden vil ikkje merke noko, og alt held fram som normalt, seier Ingve Hegerland hjå Kaldheims Bildeler. 


– Det er eit stort og stødig firma som kjem inn på eigarsida, det kan og gi moglegheiter for vekst, meiner han.

Kaldheims Bildeler har åtte tilsette og omsette i 2021 for omlag 16 millionar kroner. 

– Me har både verkstadar og privatpersonar som kundar. Mange er opptekne av at ein kan spare både miljøet og økonomisk på å bruke brukte bildelar, seier Hegerland.

Ragn-Sells er eit internasjonalt selskap som samlar, behandlar og resirkulerer avfall og restprodukt frå bedrifter og organisasjonar. I Noreg omset Ragn-Sells for omlag 2 milliardar kroner og har 450 tilsette på 18 avdelingar. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips