Husbygging med stil

Plandesign og interiør er berre nokre av områda ein må ta stilling til når ein byggjer hus. Nå har Brødrene Mæland fått med seg ei hjelpande hand som skal losa kundane gjennom vala dei står ovanfor. 

Image
Sara Helene Kvammen Haugen (midten) er klar for å losa kundene gjennom interiør- og designval i byggeprosessen. F.v. Anders Mæland, Sara Helene Kvammen Haugen og Thomas Rullestad. Foto: Brødrene Mæland. 


Dei har nemleg tilsett interiørkonsulent Sara Helene Kvammen Haugen som kjem med ti års erfaring frå interiørbutikken Indesign i Haugesund. Vel ein månad inn i jobben har ho allereie fått brynt seg på design og interiør i møte med kundane. 

- Det er ein ny måte å jobbe på og eg får jobbe med det eg likar aller best. Eg ser fram til å vera ein sparringspartnar i husplanlegginga, seier Kvammen Haugen og legg vekt på at hennar tips og råd også er ein del av «pakken» når ein kjøper hus hjå Brødrene Mæland.

Ei viktig satsing 

Anders Mæland i Brødrene Mæland er glad dei har fått eit breiare tilbod ut mot kundane. 

 - Me er gode på bygging, men har fram til nå stilt svakt på interiør og design. Vår erfaring er at dette er vel så viktig for kundane når dei byggjer, og då er det godt å få inn ein dyktig sparringspartnar. 

Kvammen Haugen har tidlegare jobba opp mot bedrifter og privatkundar med rådgjeving på interiør og planløysingar. Nå er ho nøgd med å kome inn tidlegare i byggeprosessen og der ho kan vere med å sparre meir på det tekniske. 

- Nå er eg inne og rådgir for eksempel før eit hus er seld. Tidlegare fekk eg vere med i prosessen etter det var bygd og klart for innreiing. 

Kunden i fokus

Etnebedrifta som vart starta av gründerbrødrene Ole Eirik og Anders Mæland i 2009 har vore i ei stadig utvikling og vekst, både med tilsette og prosjekt. Nå er dei til saman 7 tilsette, og har prosjekt både på Haugalandet og innover i Hardanger. Det er for det meste hus og hytter prosjekta dreier seg om, men dei tek også oppdrag innan landbruks- og næringsbygg. Med fokus på å byggje det kunden ønskjer og noko dei sjølv er stolte over, er kundereisa eit viktig fokus hjå dei. 

 - For oss er det viktig at kundane opplev ein trygg byggjeprosess. Då er det viktig at me både kan gå innpå tekniske detaljar, samstundes som me har designperspektivet med oss, fortel Mæland.

Han meinar også at det er viktig at dei har fått inn ei kvinne i teamet, som elles består av menn. 

- Me treng at nokon ser og lyttar til kunden på ein annan måte, slik at alle som er involvert i ein byggjeprosess hjå oss føler at dei får ta like stor del, seier Mæland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips