...og der var Risa i gang!

Tysdag 5.desember blei første spadetak tatt på den nye gang- og sykkelvegen mellom Ølen og Ølensvåg. Om lag 20 arbeidarar vil vera i sving med jobben, som vil gå parallelt på fleire stader av strekninga fram til hausten 2019. 



Seksjonssjef Ann Mari Sandvin Hardeland i Statens Vegvesen og ordførar Ole Johan Vierdal tok første spadetaket på den nye gang-og sykkelvegen. 6. desember  startar Risa anleggsarbeidet.  Bak dei to frå venstre: Formann Kjetil Berge i Risa, prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens Vegvesen, kontrollingeniør i vegvesenet, Bjørn Brekke, og anleggleiar i Risa, Alf Sætre

Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen startar i området ved like aust for Berge Sag. Derifrå skal Risa jobba seg vestover mot Ølensvåg. Samstundes startar også arbeidet parallelt opp i Ølen, om lag 800 meter vest for sentrum (Hiljesteinsvika). 

Sluttdato for jobben er sett i september 2019. I mellomtida håpar anleggsleiar Alf Sætre på at vegnaboar og trafikkantar, både mjuke og bilistar, tar omsyn til arbeidet og er varsame i trafikken der anleggsarbeidet føregår. 

- Me håpar på eit godt samarbeid med både vegbanoar og trafikkantar, og ber folk ta kontakt om dei har spørsmål, seier anlegggsleiar Alf Sætre  og formann  Kjetil Berge i Risa. 

- Det er klart at arbeidet vil merkast, både i form av støy og ein del endringar i trafikken. Men me håpar på eit godt samarbeid med lokale innbyggjarar for å løysa dette prosjektet på ein tryggast mogleg måte. Me vil også oppmoda dei som har spørsmål til å ta kontakt med oss undervegs, seier Sætre. 

Om lag 20 arbeidarar vil vera på jobb langs strekninga i løpet av anleggstida, dette omfattar både Risa sine eigne medarbeidarar og underentreprenørar. 

- Me er i ferd med å avklara kontraktar med underleverandandørar, og vil ta i bruk fleire lokale entreprenørar til delar av arbeidet, seier Sætre. 

E134 skal vera open med køyrefelt i begge retningar til ei kvar tid, og vegen vil bli lagt om på fleire stader. 

- Det vil bli stans av trafikken i kortare periodar ved sprengingsarbeid. Utover dette vil det også bli laga skiltplanar med lågare fartsgrenser og endra køyremønster undervegs, seier Sætre. 

På vinterhalvåret vil arbeidet gå frå kl. 07.00 om morgonen til kl. 15.00 om ettermiddagen. Ved lysare tider vil arbeidet gå til kl. 18.00 om kvelden. 

I første omgang skal arbeidet ta for seg tekniske anlegg langs strekninga. Dette omfattar å avdekka kablar, riva stolpar, i tillegg til ein del skoging langs vegen på somme deler av stripa.

Deretter startar fjerninga av vegetasjonsdekke, og uttak av massar for gangstien i begge endar av gang- og sykkelvegen. Samstundes blir det også klargjort for muring. Det skal setjast opp i overkant av 4000 kvadratmeter murar langs vegen. 

Etter dette tar grøftinga til. Det blir eit omfattande arbeid, der Risa også skal leggja inn pumpekummar for kloakk og leggja ny kloakkleidning på strekninga. 

Deretter startar betongarbeidet, med støyping av kulvertar og bruer. Denne jobben vil gå parallelt med muring langs strekninga.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips