Saman om regional elektrosatsing 

Elektrobedriftene Regea og ETR Elektro & Telecom foreinar krefter og går saman om ny elektrosatsing.  – Norelco Energi skal bli eit kundefokusert selskap, seier Johan Strømsvold og Leif Magne Nordbø, som står bak satsinga.


Strømsvold har lenge gått med planar om utviding av elektro-selskapet Regea Prosjekt som han har drive frå Skånevik sidan 2007. Med Karmøy-baserte ETR Elektro & Telecom inn på eigarsida, blei nye Norelco Energi ein realitet i november etter at Strømsvold og ETR-eigar Nordbø kom i kontakt.

Leif Nordbø (t.v) og Johan Strømsvold står bak det nye elektrofirmaet Norelco Energi, som har kontor i Medvind24 Næringshage.  Nye medarbeidarar kjem allereie over nyttår, berre eit par månadar etter selskapet starta opp. Foto: Ellen Marie Hagevik.  

- Me har begge lang erfaring frå bransjen og hadde ambisjonar om utviding av kvar våre selskap. Me kjende til kvarandre frå før og fann ut at me hadde mange av dei same vyane. Difor var det eit naturleg steg å slå seg saman om felles selskap, under ny profilering og nytt namn, seier Nordbø og Strømsvold. 

Nordbø og sønene hans kjøpte opp Karmøy-selskapet ETR Elektro og Telekom AS i august, og ETR er nå største eigar av Norelco Energi, der Strømsvold har 40 prosent av aksjane. 

Regea Prosjekt og ETR har lang erfaring innan elektro for både private hushaldningar og bedrifter. Norelco Energy vil basera seg på felles kompetanse frå begge selskap og tilby konsulenttjenester, prosjektleiing, elektro, elkontroll, automasjon, kontroll- og alarmsystem til både private hushaldningar, landbruk og næringsliv. 

ETR har hovudsakleg levert tenester i Haugesund, Karmøy og Tysvær mens Regea Prosjekt har  levert i Etne og Vindafjord. Ambisjonane for Norelco Energi er heile Haugalandet og Sunnhordland som marknadsområde, og kundemassen skal også femna breiare. 

Kundeforkusert selskap med høgt servicenivå

- ETR og Regea Prosjekt har levert elektrotenester til private hushaldningar så vel som bedrifter. Me skal framleis vera eit kundefokusert selskap med høgt servicenivå for alle kundar, men vil likevel sikta oss endå meir inn på kundar innan næringsliv og industri. Mellom anna ser me også på akvakultur, velferdsteknologi og samferdsel som aktuelle område for oss. Nå vil me presentera oss først og fremst for næringslivet lokalt, og difor var også Medvind24 Næringshage eit naturleg stad å starta, seier Nordbø. 

Med ETR i ryggen vil Norelco Energi også få nytte av deira ressursar. ETR har i dag nærmare 40 tilsette på Karmøy, og Norelco vil tilsetja nye medarbeidarar over nyttår. 

- Styrken vår er at me har ressursar med kompetanse som har kapasitet til å ta på seg fleire og større oppdrag. Nå som me satsar på eit større marknadsområde og ser på ei breiare kundegruppe, er det naturleg å ta inn nye medarbeidarar ved avdelinga i Vindafjord, seier Nordbø.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips