MCE lanserer storavtale 

MCE AS har inngått ny samarbeidsavtale med HIAB som blant anna omfattar montasje og påbyggertenester for samtlege produkt.

Dagleg leiar i MCE AS, Eldar Tranøy (t.v.) sammen med salgssjef i HIAB Norge, Espen Solhaug. Foto: Privat

 

- Det er svært gledeleg å få avtalen i havn. HIAB er ein markedsleiande aktør, og det er ein avtale det har vore jobba med i lang tid. Dette er eit tydeleg bevis på MCE sin kvalitet og leveranseevne. fortel dagleg leiar i MCE, Eldar Tranøy.

Hydrauliska Industri AB (HIAB) er ein svensk produsent av lastekraner, demonterbare containerar, skogkraner, truckmonterte gaffeltruckar og bakheiser. Selskapet er eigd av Cargotec Corperation og vart danna i 1944.

Avtalen inneber også at MCE blir autorisert HIAB Serviceverksted, slik at eksisterande kundar av HIAB-produkt nå kan få utført sine reparasjonar i MCE sin verkstad i Etne.

- HIAB har ein sterk posisjon i vår region og mange lokale aktørar har HIAB-produkt i dag. Nå kan dei få utført service og verkstadtenester hos oss.

Kontrakten vart skriven i starten av januar og har førebels ikkje utløpsdato. 

- Det har vore ein lang og grundig prosess der me har blitt målt opp mot andre aktørar i bransjen. HIAB ønskte ein samarbeidspartnar som hadde same kvalitet og vekstambisjoner som dei sjølve, og etter ei grundig evaluering falt valet på oss, forklarar Tranøy.

MCE sin avtale med HIAB er ei utviding av eksisterande portefølje, og MCE vil framleis tilby påbygg- og verkstadtenester for kundar av andre merker.

- Det er unikt i avtalen at me ikkje er knyta opp mot berre HIAB. Me er ikkje eksklusive med dei og kan fortsatt tilby tenester på andre merker og produkt enn det som ligg i HIAB sin eigen portefølje.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips