Kontraktar for 25 millionar på ei veke

Vest Stål & Fasade går ei travel tid i møte då dei nyleg sikra seg avtalar til to store prosjekt på Haugalandet.

Bjørn Steinar Helgevold (til venstre) og formann Tore André Helgevold i Vest Stål & Fasade.


Tidleg i juli blei det klart at Vest Stål & Fasade er valt som underleverandør til Aibel på eit byggeprosjekt på Kårstø. Den same veka fekk dei også ein kontrakt for leveranse av stålkonstruksjonar og tak til bygginga av nye Coop Obs Bygg i Haugesund. Samla har kontraktane ei ramme på 25 millionar kroner.

- Det er ein tryggheit i å vite at me har sikra oss mykje jobb framover, fortel prosjektleiar Bjørn Steinar Helgevold i Vest Stål & Fasade som er klar på at det blir travle tider.

Ved anlegget på Kårstø skal det reisast eit bygg i forbindelse med landstrømsforsyning til plattforma Johan Sverdrup. Det er til byggetrinn 2 at Vest Stål & Fasade skal levere både stålkonstruksjonar og tak. Til saman skal dei levere 350 tonn stål.

Gjennom sommaren er dei i prosjekteringsfase, og monteringa tek dei fatt på i desember. Mot nyttår startar dei også monteringa av stålkonstruksjonane ved Coop Obs Bygg som er på 10 000 kvadratmeter.

Rask vekst

Sandeidsbedrifta som starta opp i 2016 har opplevd ein uventa rask vekst. Frå å vere far og son i oppstarten med eit mål om å vekse til 5-6 tilsette, er dei nå 17 tilsette og 10 innleigde. Dei har både større og mindre kundar over heile Haugalandet, men har nå også fått oppdrag innover i Hardanger. I sommar er det full produksjon ved lokasjonane deira som er både i næringsparken på Steinsland og ved Helgelandsvegen i Sandeid. 

- Veksten har tatt heilt av, og me har nesten ikkje fått tid til å tenke oss om før me har fått inn nye bestillingar, seier Helgevold.

- Det må seiast at dette ikkje hadde vore mogleg utan primus motor, Thor Olav. Han er heilt rå på å skrive tilbod og på kundebehandling, slår han fast om faren Thor Olav Helgevold som er dagleg leiar i bedrifta.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips