Byggjer seg opp i Vindafjord 

Det starta med varmepumper, men har utvikla seg til å bli like mykje elektroarbeid for Energikomfort AS. Nå har skåneviksbedrifta utvida med kontor og lager i Ølen.

Skåneviksbedrifta Energikomfort har nå opna avdeling i HUndhammer Transport sine lokale i Ølen. Arve Vågen er medeigar i salskapet og blei nyleg tilsett som installatør. - I løpet av sommaren vil me også ha på plass ny montør i tillegg til lærlingar, seier Vågen. 

Litt arbeid gjenstår enno i dei nye lokala til Energikomfort i Hundhammer Transport sitt bygg i Ølen. Men skiltet er på plass, og det er også kundane. 

- Me har hatt ein del aktivitet i Vindafjord, og difor er det også naturleg å ha ein base i området. Nå held me på med siste «finish» på lokala, og ser fram til å vera endå meir tilgjengeleg for kundane våre i dette området. Så håpar me sjølvsagt også at dette kan bidra til å auka aktiviteten vår i Vindafjord og utover mot Haugesund. 

Det fortel medeigar og nytilsett installatør i Energikomfort, Arve Vågen.

Stort nedslagsfelt 

Vågen har også tidlegare arbeidd i Energikomfort, og får i løpet av sommaren med seg ein ny montør og to lærlingar. Energikomfort vil då telja åtte tilsette. Selskapet har hovudkontor i Skånevik og blei etablert i 2010. 

Sidan har Energikomfort levert elektrotenester og varmepumper til eit nedslagsfelt som omfattar Haugalandet, Sunnhordland og Odda. Opphaveleg var hovudgesjeften sal og installasjon av varmepumper, og i løpet av dei siste sju åra er det seld om lag 1000 pumper, først og fremst i Etne og Kvinnherad. 

Meir elektro 

Samstundes har elektroarbeidet tatt seg opp, og dette utgjer nå brorparten av butikken, fortel dagleg leiar Frode Molnes. 

- Det har blitt stadig meir elektrojobbar på oss, hovudsakleg til privatmarknaden i tillegg til nokre næringslivskundar. Me har også eit tett samarbeid med Tungesvik Bygg og leverer mykje til Tungesvik-hytter på Seljestad og Vågslid. Utover dette har me også hatt nokre større prosjekt på leilighetsbygg i Haugesund, seier Molnes. 

Sjølv om elektrobeidet er blitt ein større del av bedrifta, held Energikomfort framleis stand som ein betydeleg leverandør av varmepumper, men då hovudsakleg i Kvinnherad. 

- Når det gjeld varmepumper har me også levert ein del i Etne og Vindafjord, men her har me satsa litt mindre på dette, då det er fleire om beinet i denne marknaden akkurat her på Haugalandet. I Kvinnherad derimot, leverer me framleis mykje, fortel Molnes.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips