Riggar seg for vekst

Med fleire folk på laget og ny hyttesatsing girer Brødrene Mæland opp for ytterligare vekst. 


Stemninga er minst like god som ordrereserven hjå Brødrene Mæland. Frå venstre Anders Mæland, Thomas Rullestad, Arve Ribesen og Ole Eirik Mæland.

I vinter la snikkarane i Brødrene Mæland siste hand på den første av fleire planlagde hytter på Vågslid. Saman med Ole Strømø har Brødrene Mæland etablert konseptet Fjellstadhytta; Visjonen er tilby nøkkelferdige hytter på attraktive fjelltomter. 

- Desse hyttene har gjerne det vesle ekstra som skil oss ut frå andre utbyggjarar. Kjøper du ei Fjellstadhytte, treng du i grunnen berre pakka klede og tannkost. Resten er på plass, seier Anders Mæland. 

Fjellstadhytta er ein del av tømrarselskapet sin strategi om å utvikla seg gjennom samarbeid med andre aktørar, og gjennom felles prosjekt styrka kvar sine produkt og tenester. 

 Og dette er berre den siste satsinga i rekkja av fleire som Brødrene Mæland har vakse på dei siste ti åra. Det som starta som eit byggjefirma med to tilsette, omfattar i dag både bygg- og betongarbeid, i tillegg til eigedomsutvikling. Staben har vakse, og nå er dei på jakt etter nytt tømrarlag. 

- Framoverlente 

Anders og broren Ole Eirik hoppa i det med begge beina i 2009, då dei valde å starta for seg sjølv. 

- Me hadde jo lenge hatt eit ønske om å få «styra ståket» sjølv, og greip sjansen då den baud seg, seier Ole Eirik. Og det har blitt stadig meir å «styra» med: Aktiviteten hjå Brødrene Mæland har auka på over heile linja. I tillegg til ei rekkje nybygg, i blant anna Odda, Etne og Vindafjord, har også betongoppdraga og rehabiliteringsjobbane balla på seg. Dermed har det også blitt naudsynt med fleire folk i arbeid. 

I dag tel Brødrene Mæland totalt seks fast tilsette i tillegg til ein del innleigde tømrarar. Thomas Rullestad er siste tilskot i gjengen. Som byggjeleiar skal han blant anna spissa drifta endå meir inn mot byggeoppdrag for kundar. 

- Brødrene Mæland er eit framoverlent selskap, med stort potensiale. Dei har fått stadig fleire rehabiliteringsoppdrag den siste tida, og dette er også ein av områda me ser at me kan veksa endå meir på, seier Rullestad. 

Lukkast i betong 

- Betongverksemda har vore ein suksess. Dette var tydeleg ei teneste det var behov for, seier Ole Eirik. Her er forskalingssnikkar Arve Ribesen og lærling Fredrich Bjelland i gang med støyping av nytt bustadhus på Fitjefeltet i januar. 

Samstundes har også betongbiten i selskapet tatt seg kraftig opp. I 2013 tilsette brørne forskalingssnikkar Arve Ribesen, og med det gjekk startskotet for selskapet si satsing på betongarbeid for hus, hytter, landbruks- og næringsbygg. Det har gitt betydeleg arbeid til bedrifta dei siste åra. 

- I dag utgjer betongarbeidet mellom 40 og 50 prosent av aktiviteten i byggefirma. Det har vist seg å vera eit behov for denne typen teneste, seier Ole Eirik. Med auken i både oppdrag og mannskap, har også selskapet tatt nokre strukturgrep. 

- Det er vel «omorganisering» det heiter på fint, ler Anders, og forklarer; 

- Det var på tida å profesjonalisera drifta endå meir, og spissa fokuset vårt inn på kvart område. Eg og Ole Eirik har stått i bresjen for kvar vårt område i firmaet, der han har styrt med betongen og eg har tatt med av bygg-biten og eigedomsutviklinga. Frå nå av vil eg og Thomas ta oss av alt av synfaringar, kalkulering, salsarbeid og administrasjon opp mot kunder. Slik kan Ole Eirik og resten av gjengen halda fullt fokus ute i felten, og sikre at me opprettheld kvaliteten på arbeidet, tidsrammene og prisane, seier Anders. 

Byggjer det folk vil ha 

Osnesheio er eit av satsingsområda til Brødrene Mæland, som til nå har seld fire bustader i feltet på Osnes. 

Brødrene Mæland si satsing på eigedomsutvikling byrjar også for alvor å visa att. I desse dagar blir hus nr. 2 ferdigstilt på Osneshaio og tre nye er på trappene. Snart startar også jobben med to tomannsbustader på Roa i Ølen. Allereie er tre av fire selde. 

- Utanom dette kjem det også ein god del andre prosjekt me held på med i distriktet. Ordrereserven ser betre ut en nokon gong, seier Anders og Ole Eirik. Brørne har organisert verksemda i to selskap; Brødrene Mæland bygg og betong AS tar seg av alle kundeoppdrag, om det er å skifte vindauge eller byggje nøkkelferdige bustader. Brødrene Mæland Prosjekt AS er eigedomsselskapet som kjøper opp tomter og utviklar hytter og hus for sal. 

- Vårt mål har heile vegen vore å bygga det folk vil ha; om det er tomannsbustad på Kambe i Etne, eller om det er ein kundetilpassa einebustad på eiga tomt. Me skal levera skreddarsydde løysingar til kundane, uansett. Og det har me lukkast med, seier Anders. 

I 2016 fekk Brødrene Mæland Gaselle-status, og i 2018 blei selskapet kåra til Årets gründer under næringslivskonferansen på Olalia. Og nøkkelen til ein slik suksess ligg i hardt arbeid og flinke folk, meiner Ole Eirik og Anders. 

 - Me har vore utruleg heldige med folka som jobbar hjå oss og med oss. Samtidig har me gjennom åra også opparbeidd oss eit nettverk av samarbeidspartnarar me ikkje kunne vore forutan. Me har fleire arbeidslag som med lang erfaring innan både bygg og betong som garanterer den kvaliteten me skal stå for, påpeikar Ole Eirik.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips