Auka etterspørsel på leilegheiter

Lokale bustadsutviklarar opplev godt sal av leilegheiter i Etne og Vindafjord, medan marknaden elles har vore roleg.

Brødrene Mæland ser ei større interesse for tomannsbustadane dei har bygd både i Etne og Vindafjord. Frå venstre: Thomas Rullestad  og Anders Mæland i Brødrene Mæland. 


Nordbohus Haugaland har sett ein god respons på leilegheitene som nå er under bygging i Gartnerihagen i Ølen.

Bustad til førstegongsetablerarar og leilegheiter med mindre vedlikehald. Nordbohus Haugaland og Roa Tomteselskap tilbyr leilegheiter til forskjellige typar behov. Frå venstre: dagleg leiar i Nordbohus Haugaland Anders Molland, og prosjektleiar i Roa Tomteselskap Morten Helland. 

- Me selde seks leilegheiter på førehandssal og det var nok til å setje i gong med bygginga av byggetrinn 1 i mai 2019, fortel Anders Molland som er dagleg leiar i Nordbohus Haugaland. Byggetrinn 1 består av to bygg der eit er 4-mannsbustadar og eit er 6-mannsbustadar med leilegheiter både oppe og nede.

- Då me sette i gong hadde me eit mål om å treffe behovet til dei som ikkje elles kom seg inn på bustadmarknaden som for eksempel førstegongsetablerarar, fortel Molland og viser til at leilegheitene er seld til både unge førstegongsetablerarar og eldre som ønskjer ein enklare kvardag med alt på eit plan. 

- I dag er det mange som vil ha leilegheit fordi det er enkelt og i sentrale strøk. Eg trur og at me endrar oss i mentalitet, nå ønskjer me kanskje ikkje bruke fritida vår på å arbeida med bustad og hage, legg Molland til.

På Roastrand-feltet i Ølen har Roa Tomteselskap få bustadar att.

- På Roastrand har me eit konsept som er tilpassa første- og andregongsetablerarar men som også er aktuelle for einslege og eldre som vil ha mindre vedlikehald, fortel Morten Helland i Roa Tomteselskap som har vore prosjektleiar for bygginga av Roastrand-feltet. Av totalt 20 leilegheiter på feltet er det tre att for sal.

På tvers av kommunegrensa

Brødrene Mæland ser ei større interesse for leilegheitene dei har bygd både i Etne og Vindafjord.

- Tomannsbustadane me har bygd både i Ølen og Etne er mindre og treff eit behov hjå fleire. Dei er og økonomisk gunstige. Me ønskjer at folk skal ha råd til å kjøpe seg sin eigen bustad, fortel Anders Mæland i Brødrene Mæland.

Dei siste åra har dei seld sju tomannsbustadar inkludert tomannsbustadane som nå er under bygging på Roa-feltet i Ølen.

Dei opplev at salet har tatt seg enno meir opp i 2019, noko som Mæland meiner kan sjåast i samanheng med at bedriftene lokalt har auka aktivitet og tilset fleire.

- Når ein har fast stilling vil ein også føle seg trygg nok til å investere i bustad, legg han til. 

Sunn konkurranse

Vidare jobbar både Nordbohus Haugaland og Brødrene Mæland med utvikling av områder og bustader. Dei ser blant anna mot moglegheiter på Vikaneset i Skjold, i Etne og Ølen. At dei to aktørane jobbar i dei same områda ser dei positivt på.

- Me har ein sunn konkurranse i marknaden her lokalt. Me er både lokale og seriøse aktørar, og saman med tomteselskapet som har god kompetanse på tomteutvikling blir me ein pådrivar for utvikling, seier Molland i Nordbohus Haugaland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips