Aase Landbruk satsar i Skjold

25. oktober flyttar Aase Landbruk inn i sine nye lokalar på Liaheia Næringspark. Dei tek over det tidlegare Kabas-bygget.

Avdelingsleiar i Aase Landbruk, Olav Veggeberg, ser fram til å flytte inn i den gamle kabas-bygningen. Foto: Kristian Risanger


- Me gler oss veldig til oppstart no, og ser frem til og kunne presentere et flott utstillings vindauge for våre produkt. Me ser at det blir færre og færre dagar og at det nærmar seg veldig. Det er endå mykje som skal gjerast, men me skal i alle fall vera 95 prosent på plass til opningsdagen, fortel avdelingsleiar i Aase Landbruk, Olav Veggeberg latterfyllt.

Dei flyttar sitt avdelingskontor frå Førresfjorden i Tysvær til Liaheia i Skjold. Grunnane er både at leigekontrakten i Førresfjorden gjekk ut, samt at dei såg etter noko nytt. Aase Landbruk flyttar frå 150 kvm i butikklokale i Tysvær til 750 kvm i Vindafjord. 

- Plasseringa her er veldig bra. Me har vore på jakt etter ein ny plass å etablera oss, så dette passa oss perfekt. Me får et stort visningsvindauge longs E134, som er veldig mykje betre enn det å ligga inne på eit industriområde der ein blir gøymt bort og ikkje er synleg, seier Veggeberg. 

Veggeberg fortel også at det er ein fordel at dei kjem seg nærare kundane. Det er i Skjold og innover at mykje av det tyngre landbruket ligg. I tillegg vil det bli kortare reiseveg for dei nordantil.

- Folk skal ikkje trenge å reise til byen for å skaffe seg dei tinga som landbruket treng. Me blir nok den landbruksforhandlaren på Haugalandet med den største redskapsutstillinga på lager. Der slår me både store og små. Me jobbar for distriktet og vil ikkje gøyme oss i ein by, fortel Olav.

- Me skal holda oss på ei nøktern linje der me har det nødvendige, men me fyllar ikkje opp butikken med varer som krev kapital og som det ikkje er omsetning på. Difor kjem me til å starta roleg, så lyttar me og høyrer på kva behov kundane har og ser me at det er behov for varer så gjer me ein vurdering på å lagerføra det. 

Aase Landbruk AS har sitt hovudkontor i Sandnes med avdelingar i Hægeland i Vest-Agder, Sande i Sunnfjord og no snart flyttar dei avdelingen på Frakkagjerd til Vindafjord. Firmaet er importør for blant anna McCormick traktorar, Thaler kompaktlastere. I tillegg har dei redskapsimport frå Finland, Danmark, Frankrike, Italia, USA, Spania, Litauen og Polen. Det komande avdelingskontoret i Skjold vil ha til saman fire tilsette.


Mykje utstyr er på plass på Liaheia. Foto: Kristian Risanger

Mange tilbod på opningsdagen

For å skapa ekstra blest rundt opningsdagen køyrar Aase Landbruk open dag for alle som vil koma innom for drøs, kaffi og kake.

- Det vil også bli mange gode tilbod heile helga, og alle som vil kan koma innom, fortel avdelingsleiaren.

Positiv synergieffekt

Dagleg leiar i Liaheia Næringspark, Jonny Einem, fortel at det blir fint å få Aase Landbruk på plass.

- Liaheia Næringspark ser veldig positivt på å få Aase Landbruk som nabo på Liaheia. Me trur på positive synergieffektar for alle parter med denne etableringa, fortel han.

Tysdag 1. oktober flytta også Tysvær Regnskap inn i Liaheia Næringspark, og det er framleis fleire ledige kontorer i næringsparken. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips