Velkommen til Nav Vindafjord-Etne sitt bedriftsnettverk

Bedriftsnettverket er eit fora kor Nav kan møta lokale bedrifter og gi informasjon og ha dialog rundt aktuelle tema som går på arbeidsmarknad og inkludering i arbeidslivet.

Målet er at endå fleire skal få moglegheiter på arbeidsmarknaden, og då er eit nettverk kor me kan koma i dialog me kvarandre ein god start.

Tema for bedriftsnettverket denne gongen er Nav som rekrutteringspartnar. Markedsrådgjevarar ved Nav Vindafjord-Etne, Siri Stenberg og Helene Kringlebotten, vil informera om inkludering og korleis Nav kan bistå arbeidsgjevarar som treng arbeidskraft , samt kva tiltak og verktøy som kan nyttast. 

Dato:
Tid: 19. november, kl.: 09:00–10:30
Stad: Nav Vindafjord-Etne, Dreganesvegen 36 B, 5580 Ølen
Målgruppe: Bedriftsleiarar og HR medarbeidarar

Påmelding innan 17. november. 

Siste saker fra Medvind