Målet er at endå fleire skal få moglegheiter på arbeidsmarknaden, og då er eit nettverk kor me kan koma i dialog me kvarandre ein god start.
Tema for bedriftsnettverket denne gongen er sjukefråværsoppfølging. Fagveiledar ved Nav Vindafjord-Etne, Agnieszka Brendeland, og rådgjevar ved Nav Arbeidslivssenter, Marianne Lillenes Grainger, kjem å informerer om aktuelle tema innan sjukefråværsoppfølging. Nav vil blant anna informere om tidslinje for sjukefråværsoppfølging, oppfølgingsplan, og tiltak og hjelpemiddel. Arbeidslivssenteret vil blant anna informera om tilskot til ekspertbistand, innsatsteam og strategisk avtale, samt korleis ein prosess med bistand frå dei kan sjå ut.
Tid: Onsdag 29. april, kl.: 09.00 – 10.30
Stad: Kantina på Rådhuset i Ølen (nede i kjellaren)
Målgruppe: Bedriftsleiarar og HR medarbeidarar
Påmelding innan 27. april