Velkommen til haustens Sjef & Sjau

I samarbeid med Sparebank 1 Sør-Norge, inviterer Medvind24 Næringshage til nytt leiarnettverk, 10. november.

  Denne gong tar me turen til ABC Studio i Etne.

På programmet:

  • Krafta i folka
    Skal me lukkast med omstilling og verdiskaping i åra som kjem, er det ein faktor som betyr meir enn teknologi, kapital og system: Det er folka våre. Pablo Barrera, konsernsjef i Haugaland Kraft, snakkar om krafta i folka – om rekruttering av framtidas arbeidskraft, og om korleis mangfald og inkludering er avgjerande for å byggja sterke lag og nå ambisiøse mål.

  • AI mot sjefane
    Kan ei gruppe erfarne leiarar slå kunstig intelligens på eit skikkeleg leiardilemma? Gunnar B. Gunnarsson, dagleg leiar i teknologiselskapet AdmMit byr opp til  ein duell.

  • Omvisning i studio

  • Mat & drøs

 

Tid: 10. november kl. 18.00 - 21.00
Stad: ABC Studio i Etne
Påmelding innen 5. november.

Siste saker fra Medvind