Studietur til Hardanger

Bli med på studietur til Hardanger med Medvinds reiselivsnettverk 4.juni.


Foto: Hardangerbonden

4.juni set me kursen mot vakre Hardanger! Her besøker me nokre av dei mange aktørane som har bygd eigne reiselivsbedrifter tufta på alt regionen naturleg har å by på. Målet er å henta inspirasjon, lærdom og kompetanse frå menneske som har skapt både eigen og andre sin arbeidsplass innen landbruk og lokalmat, opplevingar og natur, overnatting og servering.

Kva har dei gjort for å lukkast? Kva har det krevd? Og korleis har Hardanger lukkast som den destinasjonen det er blitt?

Program for dagen (førebels):

  • Avreise Vindafjord/Etne

  • 12:00: Lunsj på Langhuset og Lothepus' Camping.

    • Lothepus sjølv viser oss rundt og fortel om satsinga si

    • Trolltunga Adventure fortel om aktiviteten sin

  • 14:00 Omvisning og sidersmaking hjå Hardangerbonden

  • 16:30 Middag og innleiingar på Buer Restaurant

    • Me får servert sesongens femrettars meny

    • Elisabeth Buer fortel om historien bak - og arbeidet med - Buer Restaurant (og alt rundt)

    • Ullensvang kommune: Korleis jobbar kommunen med reiseliv?

  • Retur frå Buer ca kl. 19.30


Turen er open for alle aktørar i Etne og Vindafjord som jobbar inn mot reiseliv og turisme; lokalmat, servering, overnatting gardstursime, opplevingsturisme, guiding og transport. Turen er også open for alle som går med planar om å utvikla eiga verksemd innan reiselivsnæringa.


Pris:

  • Totalpris inkl all mat: kr 4000,-

  • For deltakarar i reiselivsnettverket: Eigenandel kr 2000,-

  • For Målbedrifter - Reiseliv* i Medvind: Eigenandel kr 1000,-


*Me kan nå tilby reiselivsaktørar eigen målbedriftsavtale i Medvind. Som Målbedrift - Reiseliv i Medvind får du tilgang til:

  • Studietur om våren til rabattert pris (minst 25 % eigenandel)

  • Gratis deltaking på vårsamlinga i reiselivsnettverket vårt

  • Studietur om hausten til rabattert pris (minst 25 % eigenandel)

  • Gratis deltaking på haustsamlinga i reiselivsnettverket vårt

  • Deltaking på kurs og arrangement til rabattert pris

  • Marknadsføring i kanalane våre

    • Nyhetsbrev

    • Infoskjermar

    • Facebook

    • Instagram

Denne avtalen har ein årleg eigenandel på kr 4000,-


Siste saker fra Medvind