I samarbeid med SpareBank 1 Sør-Norge inviterer Medvind24 Næringshage leiarar, mellomleiarar, nøkkelpersonar – og deg som har ambisjonar om å bli leiar – til uformelle nettverkssamlingar med fagleg påfyll og god tid til drøs og nettverksbygging.
Den første samlinga gav meirsmak, og no ønskjer me fleire rundt bordet. Difor inviterer me både deg som var med sist – og deg som ikkje har vore med før – til ei ny, uformell samling.
Tid: Torsdag 5. februar kl. 18.00–ca. 20.30
Stad: Dei nye lokala til Omega365, Ølensvåg
Deltakaravgift: kr 300,-
Påmelding innan: 2. februar
Førebels program
18.00 – Velkommen
v/ Anders Sørheim Hundseid og Morten Helland
18.10 – Kjapp runde rundt bordet
18.20 – Opp og nedturar v/ Sigmund Lunde – Omega365
18.50 – Overføringsverdiar til næringslivet v/ Svein Dalva - Validé
19.20 – Omvising, mat og mingel