Korleis samlar ein hundrevis av menneske til titoppstur kvar einaste år? På organisasjonsnettverket si samling i Skånevik 12. september høyrer me frå gjengen på Skjold på tvers. Foto: Skjold på Tvers. I samarbeid med SØK-stiftinga inviterer Medvind Næringshage til ei kursrekke for tilltsvalde i lokale lag og organisasjonar. Målsetninga med prosjektet er å styrka kompetansen innan lag- og organisasjonsarbeid, erfaringsutveksling og nettverksbygging for alle som er involverte i frivillig arbeid.
Meld deg på samlinga i Skånevik 12.sept her!
I første kursrekke set me fokus på styrearbeid, og inviterer til kurs og inspirasjonsføredrag.
- Tid: 12. september, kl. 18.00 – 22.00
- Stad: Kafeteriaen, Idrettshallen i Skånevik
- Pris for denne samlinga:
- Kr. 200,- per deltakar frå lag og organisasjonar i SØK-området (gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde)
- Kr. 400,- per deltakar frå andre lag og organisasjonar
Program:
- Styrearbeid for lag og organisasjonar v/kurshaldar Lars Einar Hollund, Idrettsforbundet
- Prat og kveldsmat
- (Nesten) 1000 på ti toppar! Korleis laga folkefest på fjellet v/ Skjold på Tvers
Påmelding innan 11.sept.
Me tar atterhald om endringar i programmet!