Denne dagen får me besøk av Lise Marie Ness Klungland, stortingsrepresentant for Rogaland og Senterpartiet – og ikkje minst ei ekte Vindafjordsdame. Ho kjem med siste nytt frå Løvebakken og deler innsikt i aktuelle politiske saker, både lokalt og internasjonalt. Me får mellom anna høyre meir om korleis handelstoll og utviklinga i USA påverkar næringslivet her heime.
Ivar Halvorsen, dagleg leiar i 5-Pluss, tek oss med på reisa bak veksten i selskapet – eit rekneskaps- og rådgjevingsfirma med særleg kompetanse innan distriktsnæring.
Siri Tungesvik Vestbø frå Haugesund Sparebank er òg med og gjev ei kort innføring i banken, og tek opp temaet "Sparing i turbulente tider".
Kva er dei største utfordringane for næringslivet i vårt distrikt framover? Korleis kan me møta dei – og korleis vert me påverka av internasjonale tilhøve?
Dette er ei god moglegheit til å engasjera seg politisk, byggja nettverk og læra meir om lokale verksemder. Me serverer ein enkel lunsj, og det vert høve til spørsmål og diskusjon.
Tid: 9. mai, kl. 11:30–13:00
Stad: Medvind Ølensvåg (Parkering ved Vågen Bedehus)
Påmelding (i løpet av 7. mai)
Velkomen!