Kraftkvelds 

Kraftmarkedet på 1-2-3! Vi inviterer lokalt næringsliv til å bli enda klokere på hvordan kraftmarkedet fungerer og hvordan det hele henger sammen. Velkommen til ny Kraftkvelds, 2.desember kl. 18.00 på Fugl Fønix, Etne!

Me samlar næringslivet til nok ein kveld med fokus på fornybar kraft, nett, næringsliv og energiløysingar for framtida! - og me serverer sjølvsagt kveldsmat. Denne kvelden får me eit krasjkurs i kraftmarknaden og korleis det heile heng saman. I tillegg blir me kjende med frå nyskapande vossingar som satsar på høgdevindkraft!

På programmet:

  • Magne Andresen, leder rammevilkår og myndighet i SKL:

    • Kraftmarknaden: Korleis fungerer det og korleis heng det heile saman?

    • SKL sin aktivitet og prosjekt

  • Haugaland Kraft:

    • Nettselskapet si rolle: Korleis tilpassar Fagne seg kraftbehova i regionen framover? v/prosjektleiar for IT og teknologi i nettselskapet Fagne, John Arild Arnø

    • Fleksibilitetsmarknaden: Kva er det og korleis kan du dra nytte av den? v/ prosjektutvikler Kari-Marie Høyvik Holmstrøm

  • Kitemill: Er høgdevindkraft framtida?

    • Voss-etablerte Kitemill har utvikla eigen teknologi for utnytting av luftbåren vindenergi.


Pris og praktisk info

  • Pris: kr 500,- per pers

  • For målbedrifter i Medvind Næringshage: kr 300,- per pers

Adresse for kvelden: Svingen på Fugl Fønix hotell