Logo

Sjukepleiar Vindafjordtunet, Somatisk Langtid

Sjukepleiar 100% vikariat ved Vindafjordtunet, Somatisk Langtid.
Tiltreding snarast. Stillinga er ledig fram til 01.05.2021.

Hovudarbeidsoppgåver:

Varierte sjukepleiarfaglege oppgåver- du får vera ein sjukepleiar!
Rettleie og samarbeide med andre yrkesgrupper.
Bidra til innovasjon og fagleg utvikling innan demensomsorga.
Skape gylne augneblikk for våre bebuarar/brukarar.

Kvalifikasjoner:

  • Offentlig godkjent sjukepleiar
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap
  • Grunnleggande datakunnskaper

Andre opplysninger:

Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats.
Demensomsorga har 38 plasser for personer med demens samt dagsenter.
Somatisk Langtid har 14 institusjonsplasser.
Heimetenesta som gir tenester til Vikebygd, Skjold og Vats er knytt til Ølen omsorgssenter men har base ved Vindafjordtunet.

Me har flotte uteområder og dedikerte kollegaer og frivillige. Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear.

Du jobbar kvar 3.helg. Vår fleksiturnus gjer at du i stor grad kan tilpasse når du ynskjer å jobbe.

Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i demensomsorga! Du som er ein pådrivar og som ser løysingar for å gjera tenesta gode for brukerane våre! Du som ønskjer å vera sjukepleiar å gi gode tenester til bebuerane våre, vera ein veiledar for kollegaer! Muligheter for videreutdanning og kursing med støtte frå arbeidsgjevar.

Vil du bli med på vårt team? Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål!

3. års sjukepleiarstudentar er og hjerteleg velkomne til å søkje. Me har gode ordningar for å ivareta og gi ein god start i yrkeslivet til nyutdanna sjukepleiarar.

https://www.facebook.com/Vindafjordtunet-622039827993461/

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper:

  • Fagleg oppdatert
  • Godt humør og bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø
  • Trives med innhaldsrike og varierte arbeidsdagar
  • Gode samarbeidsevner
  • Stort fokus på brukarmedverknad og ivaretaking av bebuarar sine ressursar
  • Engasjert og motivert for å lage "gylne augneblikk" og yte svært gode tenester

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre. Som nytilsett er du fyrste 6 månader aldri på vakt aleine, utan å ha annan sjukepleiar du kan rådføre deg med
  • Sjukepleiar i 100% stilling får 29 vakter på 6 veker - muligheit for langhelg
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Kontaktperson

Annelin Bauge, Konstituert einingsleiar, tlf: 53655904, mobil: 97657778, Annelin.Flaete@vindafjord.kommune.no
Silje Åsebø Bådsvik, Avdelingssjukepleiar, tlf: 53655928, silje.asebo.badsvik@vindafjord.kommune.no