Logo

Kjøkkenpersonell Ølen

Me søkjer: Kjøkkenpersonell ved Ølen Omsorgssenter - faste helgestillingar. Det er ledig to stillingar på 7,4% og ein stilling på 14,08%. Tiltreding etter avtale.

Hovudarbeidsoppgåver

Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag med mange forskjellige utfordringar og moglegheiter.

Kvalifikasjoner

Du er kokk eller en kokekyndig person som er opptatt av kvalitet kring mat og måltid i institusjon. Må ha gode norskkunnskap både munnleg og skriftleg.

Andre opplysninger

Som tilsett hos oss får du vera med å utvikla tenestene ved din arbeidsplass på ein framtidsretta måte. Til stillinga ligg det arbeid 3. kvar helg, ein må kunna arbeida ved både Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter.

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper

Du må vera fagleg dyktig, lika utfordringar, trivast i eit aktivt miljø, vera løysingsorientert, ha gode samarbeidsevne og godt humør.

Me kan tilby

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningsenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Kontaktperson

Tone Karin Aareskjold, kjøkkensjef, tlf: 53656005, mobil: 45202826, Tone.Karin.Aareskjold@vindafjord.kommune.no
Kitty Soltvedt, Einingsleiar, mobil: 40415462, kitty.soltvedt@vindafjord.kommune.no