Logo

Einingsleiar Reinhald

Einingsleiar Reinhald 100% fast stilling, Vindafjord kommune.
Stillinga er ledig frå 01.06.2020.

Hovudarbeidsoppgåver:

Som einingsleiar vil du ha ansvaret for dagleg drift både på det faglege og personalmessige området. Du vil vere ansvarleg for, og ein pådrivar for å få til eit godt HMS-arbeid i eininga. Me ønskjer oss ein person som kan bidra til det gode arbeidsmiljøet, både fysisk og psykososialt.

Personalansvaret inneber blant anna ansvar for oppfølging av den enkelte medarbeidar, medarbeidarsamtalar, medarbeidarutvikling, rettleiing, kursing, opplæring og oppfølging av sjukemeldte.

Daglig drift av eininga inneber blant anna ansvar for vedlikehald og utvikling av gode dokumentasjonssystem, samt ansvar for vedlikehald og utvikling av arbeidsplanar.

Ansvar for budsjett og økonomi i eininga.

Ansvar for fagleg utvikling i eininga. God og tett samhandling med andre einingar i kommunen. Dagleg leiing og koordinering av arbeidsoppgåver. Ivareta tilhøyrande administrative oppgåver (fakturabehandling, korrespondanse, avtaleinngåing og HMS). Innkjøp av reinhaldsmidlar og utstyr. Berekning av reinhaldsareal og oppsett av reinhaldsplaner.

Kvalifikasjoner:

Vi er ute etter deg som:

  • Har relevant utdanning og erfaring innan leiing og fagfeltet. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Har gode datakunnskapar og ein fordel med kjennskap til offentlege sak- og fagsystem
  • Er tydeleg leiar som og er positiv, trygg og engasjert i rolla og har evne til å motivere og vidareutvikle medarbeidare
  • Har fokus på kontinuerlig drift av dagens tenestetilbod og strategisk planlegging av framtidas tenester og effektiv drift
  • Er sjølvstendig med gode samarbeidsevne, fleksibel og likar ein variert og utfordrande kvardag
  • Har førerkort KL B

Andre opplysninger:

Eining reinhald har ansvaret for reinhald av kommunen sin bygningsmasse, her alle skuler, barnehagar, institusjonsbygg og administrative bygg.
Stillinga ligg direkte under kommunalsjef.

Eininga har 35 tilsette fordelt på 24,91 årsverk totalt.

Tenesteområdet utfører daglig reinhald på alle kommunale bygg. I tillegg til dagleg reinhald utførar eininga også reinhald av gongar, toalett, fellesareal, vindaugo og golvpleie ved behov i omsorgsbustader og bufellesskap. Nokre gonger i året er det også stadtilpassa periodisk reinhald.
Vaskeriet på Vindafjordtunet ligg under eining reinhald.
Her blir privattøy til bebuarane på begge omsorgssentra vaska, i tillegg til dyner, puter, gardiner, dukar, brukarutstyr osb.

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper:

  • Kommuniserer og samarbeider godt, og har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt
  • Har god munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • Har evne til å arbeide strukturert og søkje innovative løysingar som kan effektivisere arbeidet vårt

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Kontaktperson

Anne Sofie Sandvik, Kommunalsjef/samfunnsutviklar, mobil: 93646043, anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no
Anne Venke K Skogen, Einingsleiar, tlf: 53656140, mobil: 90117893, anne.venke.skogen@vindafjord.kommune.no