Logo

Einingsleiar Imsland barnehage- og skule

Einingsleiar ved Imsland barnehage- og skule, 100% vikariat.
Stillinga er ledig frå 01.08.2020 - 31.07.2021, med moglegheit for forlenging.

Hovudarbeidsoppgåver:

Som einingsleiar vil du vera ein del av både styrar- og rektorgruppa, som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Vindafjord.

Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen og barnehagen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til merkantil i ca 20% stilling.

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.

Kvalifikasjoner:

Vi er ute etter deg som:

  • Godkjent barnehage- eller lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen/styrarskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsenteret si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring

Andre opplysninger:

Imsland barnehage - og skule er ein 1.-7 - skule med omlag 25 elevar, med tilbod om SFO. I barnehagen er det og omlag 14 barn inneverande år.

Imsland barnehage - og skule har eit team med engasjerte og svært kompetente medarbeidarar. Me har fokus på det einskilde barnet, på trivsel og læring. Imsland ligg i sør-austre del av kommunen og barnehagen/skulen har eit stort tilhøyrande uteområde og er elles omgitt av flott natur, med nærleik til skog, mark, vatn og sjø, som vert aktivt brukt i undervisninga i skulen og aktivitetar i barnehagen.

Vindafjord har barnehage- og skulebruksplan oppe til revisjon, og vil i løpet av barnehage- og skuleåret 20/21 gjera vedtak om framtidig struktur for Vindafjord.

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper:

Gode personlege eigenskapar.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Kontaktperson

Nils Erik Eide, Kommunalsjef, mobil: 98286872, nils.erik.eide@vindafjord.kommune.no
Ellen Marie Tveit Tangeraas, Einingsleiar, mobil: 92869593, Ellen.Tangeraas@vindafjord.kommune.no
Inger Kathrine Sundve, Barnehagerådgjevar, mobil: 97574954, inger.kathrine.sundve@vindafjord.kommune.no
Leiv Karsten Medhaug, Skulerådgjevar, mobil: 90586371, leiv.karsten.medhaug@vindafjord.kommune.no