Logo

Adjunkt Vågen skule

Me søkjer: Adjunkt i 80% vikariat ved Vågen skule frå 12.08.20 til 18.12.20.

Hovudarbeidsoppgåver

Lærar i 1. klasse

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning for 1.- 4. klasse.

Andre opplysningar

Vågen skule er ein 1-7-skule med rundt 90 elevar. Den ligg i Ølensvåg. Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil.

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeida sjølvstendig samstundes som du må kunne samarbeida i laget rundt 1. klasse.

Me kan tilby

  • Eigen mentor til nyutdanna lærerar
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no


Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Søknad sendes Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Søknadsfrist: 08.06.2020

Kontaktperson

Astrid Førsund, Rektor. tlf: 478 36 654, astrid.forsund@vindafjord.kommune.no