Ynskjer å bygge bustadblokker

– Planen er å bygge tre bustadblokker, og me er i dialog med kommunen. Me kontakta dei i forkant av bodrunden. Då lufta me moglegheitene for å bruke eigedomen til bustadar, og me fekk gode tilbakemeldingar på dette. No ventar me på at området skal bli omregulert til bustadføremål og denne prosessen skal vere i gong, fortel Nikitins.  

Dei fekk signal for eit halvt år sidan om at eigedomen skulle seljast og har venta spent på at den skulle komme på marknaden.  

– Det vart ein spanande bodrunde med fleire deltakarar, og me er veldig glade for at me fekk kjøpe eigedomen. Me har stor tru på prosjektet og er no i kontakt med arkitekt for å starte planlegginga av bygga. Målet er å kunne lage attraktive leilegheiter for mange typar kundar, frå dei som etablerer seg for første gong til dei som gjerne har selt ein større bustad dei har budd i i mange år, og som ynskjer noko enklare, seier Nikitins.  

Når dei ser for seg at bustadblokkene skal stå ferdige, vil dei ikkje svare på per no.  

– Akkurat no har dei fleste aktørane i byggebransjen det særs travelt og ein må nok rekne med litt venting, og ikkje minst bestillingstid, på leveransar. I tillegg må me selje 60 prosent av bueiningane før byggestart grunna finansiering, så her er det fleire brikker som må på plass. Det er mogleg me deler bygginga av bustadblokkene i tre trinn, og tek dei to første blokkene først, avsluttar Baukis.  



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden