Vonar på skjenke-opning

Dagleg leiar på Fugl Fønix Hotel, Audun Stene, meiner det er på høg tid at skjenkestoppen opphøyrer. –  Me vil gjerne bidra for å styrke smittevernet, men denne totale skjenkestoppen finst det lite fagleg dokumentasjon for, seier Stene som gjerne skulle sett at koronapasset no vart innført. 

Audun Stene håpar på skjenke-opning på fredag når regjeringa legg  fram nye retningslinjer. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

Næringsalliansen, som representerer meir enn 3000 bedrifter og 150 000 arbeidsplassar i Vestland fylke, gjekk nyleg ut med ei pressemelding der dei meiner dagens situasjon for publikumsretta næringar som servering, kultur og reiseliv er katastrofal. Stene, som også er styreleiar i ein innkjøpskjede med over 300 medlemmer, er samd med alliansen.

– Dette kan ein kalle ei krise. Når ein tar vekk skjenking hindrar ein ikkje berre den som vil ta seg ei øl ute ein kveld, ein stoppar og det meste av sosiale tilstellingar som var planlagde. Eg tippar me har kansellert for om lag ein halv million kroner, og det berre sidan romjula og ut januar, meiner han.

Kontrollert opning

No vonar han at presset frå næringslivet fører til at regjeringa opnar opp for regulert skjenking når dei kjem med nye retningslinjer på fredag.

– Det hadde vore bra, om så berre om det blir fram til kl. 22 på kvelden. Nattklubbar og diskotek ser eg for meg blir stengt også ei tid framover, men løyser ein litt opp for skjenking kan iallefall folk gjennomføre det dei hadde planlagt. Det er tryggare å gjennomføre det hjå oss, enn at det blir stadig fleire private arrangement rundt i stovene, meiner hotellsjefen. Han får støtte frå fleire aktørar i Vestland fylke.

– Olje og gass, sjømat og maritim næring går veldig bra, men innan servering, kultur og reiseliv er situasjonen katastrofal for mange. Dei har vore svært utsette gjennom hele pandemien. No er kassen tom. Får dei ikkje no den stønaden dei treng i tide, vil mange ikkje klare seg. Fleire vil tape livsverka sine, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd i pressemeldinga frå Næringsalliansen.

Koronapass

Audun Stene ynskjer også det omdiskuterte koronapasset velkommen og vonar det trer i kraft raskt.

– Eg trur mange politikarar er redd for å ta den avgjersla sidan dei veit det blir mykje støy. Bransjen vår har i alle fall etterlyst denne ordninga lenge.

– Lokomotiva i næringslivet går så det susar, men fleire av vognene har blitt ståande igjen på perrongen, eller rett og slett blir slengt av i fart. Me er svært bekymra for utelivsbransjen og delar av kulturlivet, og vi er oppgitt over ein nasjonal skjenkestopp som slår beina under ein heil bransje, seier Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd i pressemeldinga.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden