– Eg prøver å vere så mykje ute på byggeplassane som mogleg

Å vere leiar hadde aldri vore del av draumane til Ole Nervik, men då den tidlegare sjefen meinte han var rett mann til å ta over, fann han motivasjon i eigne verdiar.


Den daglege leiaren i Ølen Byggservice hadde fjorten år bak seg i firmaet, fyrst som lærling og etter kvart som faglært tømrar. Då den tidlegare sjefen, Torstein Hauge oppmoda han til å ta over, sa ryggmargsrefleksen først nei. 

– Eg kan hugse eg kjende på «styggen på ryggen» og tenkte at dei var galne som spurte meg. Men Torstein, sambuaren min Vanessa og familien såg noko eg ikkje såg og meinte eg absolutt måtte ta gripe sjansen, seier Ole med glimt i auget. 

Kvardagen til dei tilsette viktigast

Han har alltid hatt ansvar men aldri sett for seg å vere sjef for ei bedrift. Etter ein samtale med dei næraste såg han at dette likevel kunne vere det rette steget å ta. Han var komen til eit punkt der han kjende arbeidsoppgåvene inn og ut og trengte nye utfordringar. Det var særskilt ei side av leiarstillinga som motiverte han. 

– Eg har hatt veldig lærerike og gode år frå starten som lærling i Ølen Byggservice, og eg unnar også det same for dei som kjem etter meg. Å vere sjef kan vere mykje, men for meg er det veldig stas om eg kan vere ein som kan løfte andre. 

Å skape rom for å utvikle seg men også å vere tett på i kvardagen, er nokre av måla han styrer etter.

– Eg prøver å vere så mykje ute på byggeplassane som eg kan. Det er viktig å vere tilstades og snakke med dei som jobbar for meg. Slik kan eg  kan fange opp ting som kan gjere kvardagen deira så god som mogleg, og også snappe opp om det er noko som kunne vore betre. Ved å vere tilstades og by på meg sjølv, ønskjer eg å skape rom for tilbakemelding av både den positiv og negative sorten.

 Bedrifta som vart stifta i 1986 og utvida frå enkeltmannsføretak til AS i 2007, har i dag ni tilsette. Dei har nokre stillingsutlysingar ute og dørene står alltid opne for dei rette folka, men ytterlegare vekst er ikkje noko han ser på som avgjerande. – Eg har sagt at opp til ti klarar eg å halde kontroll på. Eg har ingen ambisjonar om å bli større enn det per dags dato. Då greier eg den administrative delen og samstundes vere tilgjengeleg for dei tilsette . 

Ole Nervik ynskjer å vere så mykje som mogleg på jobb saman med dei tilsette. Her med tømrar Erik Christiansen og lærling Andreas Madsen.


Gamalt før nytt

Sjølv om firmaet bygger nye bygg fleire stader på Haugalandet, er det eldre hus og renoveringsprosjekt som er den store lidenskapen til den daglege leiaren frå Nervik i Etne. Når ein jobbar på eldre hus, får ein også større eigarskap  til prosjekta, tykkjer Nervik. Då er det ei sjel ein skal ta vare på som du ikkje finn i nye hus med kvite sterile flater og rette kantar. Han er også fascinert av det litle ekstra mange tok seg tid til før i tida, som skifertak og andre tradisjonsrike fagkunnskapar som er i ferd med å forsvinne. 

– Ein viktig del av jobben er å sette seg inn i hovudet til kunden og få eit så tydeleg bilete av kva han eller ho ynskjer som mogleg, for å kunne levere eit produkt skreddarsydd for kvar enkelt kunde. Dette gjeld i alle prosjekt, men me har ein ekstra ekspertise og kompetanse innan renovering som få kan konkurrere med. Me er mange tilsette som likar desse prosjekta særs godt og er glade i variasjonen og utfordringane det gir. 

Han ser også ein større økonomisk tryggleik i å satse på fleire renoveringsprosjekt. 

– Eg tykkjer verda er litt uoversiktleg om dagen, med aukande materialprisar som gjer oss meir avhengige av å handla globalt. I staden for å ha få og store nybyggprosjekt, kjennest det meir forutsigbart å satse på fleire små og mindre prosjekt. Med renteheving kvir mange seg også for å ta til med større byggeprosjekt. Fleire kjem gjerne til å velje å sitte med det dei har, og heller gjere mindre endringar der framover, utdjupar han. 

Handle lokalt

Nervik har og eit ynskje om å handle lokalt, så mykje som det let seg gjere, i den daglege drifta.

– Me bruker helst lokale leverandørar av byggevarer, vindauge og tenester. Det er viktig å støtte arbeidsplassane her me bur.

På Dreganes held Ølen Byggservice akkurat på med bygging av naust


Med oppvekst på gard, er det særskild ei gruppe i samfunnet han tenkjer på når det vert snakk om prisstiging og renteheving. 

– Eg er oppteken av bøndene lokalt og i fleire tilfelle der dei vil søke Innovasjon Norge om stønad til utviding og nybygg av driftsbygningar,  har me bidrege med tilbod til bruk i søknadar. Me har og gitt kundar høve til å reservere tømmer før prisane stig enda meir. Bøndene har bygningar som krev mykje vedlikehald og modernisering og det er ikkje ei gruppe me ønsker å tene på å selje materialar til. Eg syns ikkje dei skal måtte stri med meir enn nødvendig i desse tider.

På sikt skal det bli gardbrukar av Nervik også, i kombinasjon med leiarstillinga i byggselskapet. 

– Heime på Nervik i Etne skal eg og familien min etterkvart overta huset besteforeldra mine budde i. Me tek sikte på å fortsette gardsdrifta og eg ser veldig fram til å renovere våningshuset på garden til dagens standard. Det er eit stort, unikt og herskapleg hus med mykje sjel og historie, som stod ferdig seint på 1800-talet. Der skal me få til mykje fint, avsluttar han. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden