Vil skapa vekst i Sand sentrum

Kjøpfolk frå Imsland satsar på Sand. I desember vil Britt June Risvold Kvaløy og Jarle Kvaløy etter alle solemerke overta Sand Servicesenter.

– Me ser eit stort potensial i både verksemda og eigedommen. Me har ambisjonar om å skapa eit aktivt og vitalt miljø rundt Sand Servicesenter og gjera dette til ein naturleg stans og møtestad for både reisande og fastbuande i Ryfylke, seier Jarle Kvaløy i ei pressemelding.

20. oktober skal formannskapet i Suldal handsama søknaden om lån og tilskot gjennom Ulla Førre-fondet til kjøp av eigedomen i Suldal. Blir søknaden vedteken, vil paret overta drifta 1. desember.

Riggar seg for vekst

Sand Servicesenter omfattar bensinstasjon, bilverkstad, båt- og motorservice, båtlagring og bilberging. Alle delar av verksemda vil bli vidareført, med same mannskap som i dag, i tillegg til at eigarane sjølve også vil involvera seg mykje i drifta.

– Me kjem til å byggja vidare på det som allereie er, samstundes som me vil rigga verksemda for ytterlegare aktivitet og meir vekst. Me vil ha med alle dei sju tilsette og alle samarbeidsaktørar vidare i satsinga, seier ekteparet, som allereie er godt drivne innan handel og reiseliv.

Sidan 2018 har dei drive Matkroken i Imsland, med daglegvarebutikk, catering og service. Bedrifta er blitt ein sentral aktør for både fastbuande, næringsliv og tilreisande i Imsland. Butikken har vunne ei rekkje prisar dei siste åra, og er godt kjent for god service.

Vinn-vinn

Samstundes som dei tar nytt steg innan handel og service på Sand, vil dei framleis drifta butikken i Imsland. Sjølv om verksemdene i Imsland og Sand vil vera to einskilde selskap, trur ekteparet den nye satsinga vil gje betydelege ringverknadar for begge bedriftene.

– Ein viktig motivasjon for denne satsinga er ein vinn-vinn-situasjon for begge verksemder. Det er store moglegheiter for vekst og utvikling i begge selskap, og desto større potensial dersom ein kan dra nytte av aktiviteten på tvers av bedriftene. Målet er endå meir aktivitet både på Sand og i Imsland. Me ser at mange av styrkane ved drifta vår i Imsland kan overførast til Sand, samstundes som ein del av tenesteområda i Sand vil vera viktige for vidareutvikling av verksemda vår i Imsland, seier Kvaløy.

Eigar av Sand Servicesenter Sølve Myrvang har drive verksemda sidan 2003, og er glad for at han no overlét livsverket i trygge hender.

– Eg nærmar meg pensjonistalder, og har difor sett etter dyktige kremmarar som kan vidareutvikla bedrifta vidare og ivareta dei tilsette. Jarle og Britt June veit kva dei går til, og har tidlegare vist at dei har alle eigenskapar som skal til for å lukkast innan handel og service. Eg er trygg på at dei er dei rette til å ta drifta vidare, seier Myrvang.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden