Vil ha veg-innspel

Planleggingsleiar Elisabeth Danielsen i Statens vegvesen håpar no alle som har innspel, idear eller tankar om korleis utbetringa av vegen blir gjennomført kjem innom kontoret denne onsdagen. Planen er å ha ope kontor mellom klokka 12 og 18 på dagen. 

Planlegginsleiar Elisabeth Danielsen i Statens vegvesen inviterer no til open kontordag hjå Statens vegvesen i Ølensvåg. (Foto: Statens vegvesen)

– Me har sendt ut brev til alle grunneigarar, lag og foreiningar som blir råka av arbeidet, no håpar  me alle som har spørsmål eller tankar om dette får sjans til å kome innom. Me har lagt opp opningstidene slik at og dei som er opptekne på dagtid kan kome innom på ettermiddagen, det er berre flott om ikkje alle kjem innom på ein gong, seier Danielsen som ventar seg mange spørsmål. 

Les også: Ynskjer å skape tryggare vegar 

Mange spørsmål 

– Me kjem til å få ein del overskotsmasse i prosjektet som ein må finne ut korleis blir brukt,  me håpar jo at landbruksjord til dømes kan brukast om igjen her lokalt, men det er sjølvsagt ikkje berre opp til oss å avgjere, seier ho.  

Andre aktuelle spørsmål kan vere kva som skjer med private avkøyringar, landbruksavkøyringar eller buss-lommer langs strekninga som går gjennom to kommunar. 

– Me vil gjerne vite kva som er i bruk av avkøyringar, buss-lommer og andre stopp langs vegen. Det er viktig for oss å vite, slår Danielsen fast og peikar på at utbetringa har som mål å gi ein meir trafikksikker veg. 

Sikrare veg

– Målet er å få ein tryggare veg som er breiare, der ein og får betre sikt og forsterka midt - og kantoppmerking. Me kjem i stor grad til å bruke eksisterande vegtrase, men nokre få kurvar kjem til å bli utbetra for å gi betre framkomme i 80 kilometer i timen.   

Målet er at prosjektet med utbetra veg skal vere ferdig i 2026. 

(Kart: Statens vegvese)

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden