Kva skal til for at du skal flytta tilbake til Vindafjord?

Kva skal til for å få unge, vaksne til å flytta heim igjen? På tysdag går startskotet for ringedugnaden som skal finna ut av akkurat det. Målet: Storskala headhunting av utflytta vindafjordingar.



Vindafjord – til liks med resten av Haugalandet – treng fleire innbyggjarar. Dei som allereie har eit nettverk i kommunen, er den mest nærliggande målgruppa å starta med for ei slik rekruttering.

Men kva er det som skal til for at dei skal flytta heim att? Eller kva er det som eventuelt hindrar dei?

Det vil Medvind24 Næringshage finna ut av. I haust inviterte me til ringedugnad, og fekk mange svar. Etter ein pause i korona-tid, tar me opp att telefonane for å kontakta endå fleire. 

Onsdag kveld tar me  ny ringerunde til utflytta vindafjordingar; dei som nærmar seg ferdig utdanna, eller som er i starten av arbeidslivet. Dei som gjerne er på jakt etter, eller har funne seg ein partnar, og som gjerne også er i gang med å etablere familie. Det er desse me ser på som mest aktuelle å rekruttera heim att, samstundes som det også er denne gruppa som veit kva som trengst for at ein distriktskommune skal kunna tiltrekka seg nye innbyggjarar.

I første omgang skal me ta telefonen til alle som er fødde mellom 1990 og 1999 i Vindafjord, og stilla dei det viktige spørsmålet: Kva skal til for å få deg heim igjen?

Gjennom denne ringedugnaden vil me få ei viss oversikt over kva som kan trekka desse unge vaksne heimover, om det er jobb, tomt, eventuelt jobb til partnar eller liknande. Etter denne runden, håpar me at me kan ringja dei opp att med eit tilbod på akkurat det dei var på jakt etter her heime. 

Om du ikkje bli oppringt, ta gjerne kontakt med oss: post@medvind24.no    

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden