Sommarvikaren

– Viktig for å komme seg inn på arbeidsmarknaden

Då Synne Åsheim var 16 år hadde ho ingen planar om å studere sjukepleie. Nå har ho eitt år igjen av sjukepleiestudiet og har sitt femte år som deltidstilsett i helsevesenet. Korleis det skjedde finn du ut her.

Synne Åsheim

Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?

Sommarvikaren

  • Namn: Synne Åsheim
  • Alder: 20 år
  • Arbeidsstad: Heimetenesta i Etne kommune
  • Studerer: Sjukepleiestudiet ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen

– Ein sommarjobb er viktig for å komma inn seg på arbeidsmarknaden, så er ein meir førebud på det etter studiane. Då er det og lettare å få jobb seinare. I tillegg til dette er det veldig lærerikt og det kjennest godt å vere sjølvstendig og ikkje like avhengig av foreldre sine pengar.

Kvifor ville du jobbe her?

– Då eg var 16 år starta eg å jobbe på sjukeheim og då hadde eg eigentleg inga interesse for å studere sjukepleie. Ved å jobbe som assistent på sjukeheimen, fann eg fort ut at dette var noko eg interesserte meg for og enda opp med å gå rett på sjukepleiestudiet etter vidaregåande. Eg likar å arbeide med menneske, og det er givande å vete at du gjer ein forskjell i liva deira. Å ha sommarjobb på sjukeheim er også kjekt då ein gjer mange ulike aktivitetar med pasientane, noko dei sit stor pris på då dagane deira kan kjennast lange. 

Kva ville du sagt til ein som vurderte same feriejobb?

– Å ha jobb innan helsevesenet er ein god moglegheit for å koma inn i arbeidslivet. Arbeidsgjevarane ser på det som svært positivt om ein har jobba innan denne sektoren, då det betyr at du kan det å jobbe med menneske og å jobbe effektivt. Det er og mykje å gjere, så dagane går fort. I tillegg til dette får ein ei spesiell tilknyting til denne typen jobb då ein blir knyta til pasientane. 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?

– Eg har ikkje ein spesifikk plass eg ville ha reist då eg vil sjå litt av heile verda. Alt verkar så spennande å oppleva! Om eg skulle vald ein plass hadde det nok vore eit land i Afrika. Eg skal på utveksling til Tanzania til hausten, noko eg gler meg veldig til. Det er nydeleg natur og dyreliv der. Dei har og ein heilt annan kultur, så det blir spennande. 

Kva er dine planar for sommaren?

– I sommar skal eg jobbe mest på omsorgssenteret, men eg skal og reise litt rundt blant anna til festivalen Palmesus og Sør-Europa. Det blir og litt andre småreiser rundt i Noreg. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden