– Det er ein veldig god måte å rekruttera folk på. Lærlingane er unge, dei er vitelystne, dei er læreviljuge, dei har masse guts og inspirasjon, og kan tilføra bedrifta mykje, samstundes som me får forma dei inn i vår kultur. Det seier fagansvarleg for kontorlærlingane i Omega Administrasjon AS, Anne-Gunhilde Oma, initiativtakar og prosjektleiar for fagdagen.