Hopp til innhald

Tveit Regnskap med straumstøtte-tips

Før helga kom straumstøtta som regjeringa har målretta mot næringslivet. Her gir Kjell Larsen i Tveit Regnskap sine beste tips om korleis du som bedriftsleiar bør gå fram no. 

Kjell Larsen har tydelege tips til bedriftene som no skal finne ut om straumstøtta passar dei. (Foto: Tveit Regnskap)

– Me var veldig spente på om det kom direkte straum-støtte til næringslivet, som ikkje berre var basert på lån. Me er nøgde med at støtta kom på plass, men eg er spent på i kva grad ordninga klarer å dekke behovet bedriftene har, seier Larsen. 

For å kunne søkje på ordninga må bedrifta ha tre prosent eller meir i straumintensitet, altså at ein i første halvdel av 2022 har betalt tre prosent eller meir av omsetnaden i straumkostnad. 

Regjeringa meiner at ordninga på denne måten vil treffe om lag 20 000 bedrifter. Det er også eit øvre tak i ordninga som i praksis betyr at støtta er mest retta mot små og mellomstore bedrifter. 

Larsen fortel at støtta er todelt. Dersom du innfrir krava til å søkje, kan du få midlar i to omgangar. 

– Først av alt kan du få 25 prosent støtte på pris over 70 øre per kilowattime dersom du gjer ei kartlegging av energibruken i bedrifta, og ser på kva tiltak som er aktuelle for di bedrift nå og framover. Det er med på å setje i gang ein langsiktig prosess, som jo er bra, meiner rådgjevaren i Tveit Regnskap. 

Han viser til at bedriftene no har meir behov for direkte kapitaloverføring enn langsiktige investeringsstøtte. 

– Når straumprisane blir høge og det er vanskeleg å betale rekningane, er det direkte støtte som hjelper best til, meiner han. 

Ventar på detaljar

I andre omgang kan ein få utvida til 45 prosent støtte dersom ein set i gang energisparande tiltak avdekka i kartlegginga. I tillegg kan ein få opp mot 50 prosent støtte til kostnaden på sjølve investeringstiltaket. 

– Det er ein del detaljar her me framleis ikkje kjenner, seier Larsen. 

– Me veit blant anna ikkje kor omfattande denne kartlegginga må vere, og me veit heller ikkje kva tiltak som er tilstrekkeleg for å få auka støtte. Dette vil eg tru regjeringa kjem tilbake til. 

Kjell Larsen meiner at tiltaka tar utgangspunkt i at prisen i vinter i snitt vil ligge på vel 4 kroner per kilowattime, noko som er veldig usikkert. 

– Det kan sjølvsagt bli både høgare og lågare prisar. Eg håpar prisnivået generelt roar seg og straumprisane ikkje blir som frykta. Mange bedrifter har tøffe vilkår no, og regjeringa håpar nok at ein skal hindre ein del nedleggingar og permitteringar med desse støtteordningane. Alt er betre enn ingenting, men eg er redd dette er i minste laget for mange, seier han. 

Viktig å ta grep

Larsen har og andre råd til bedriftene som no ser utgiftspostane stadig auke. 

– Det er viktig framover å setje søkjelyset på likviditet, og vere førebudde på å bruke tøffe verkemiddel, no er det viktig å vere framme i skoen. Lag gjerne eit budsjett som viser inntekter og utgifter over seks månadar, og ikkje berre årsbudsjettet som ein har i botn. Då får du betre kontroll, er rådet hans. 

– Men det og viktig å vise til at næringslivet ikkje er heilt svartmåla av straumutgiftene, det er mange bedrifter som og klarer seg heilt fint. Likevel er det viktig å støtte desse som treng det no framover. 

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips