Teknologibedrift i vekst

For andre år på rad er AdmMit i Sandeid kåra til å vere blant dei femti raskast veksande teknologibedriftene i landet.

–  Det er veldig hyggeleg å vere på den lista, det er eit resultat av den gode jobben som er blitt gjort av alle tilsette i bedrifta. Me er i vekst, og det er ufatteleg kjekt å vere på den lista to år på rad, seier dagleg leiar, Jon Nielsen. 

Sandeidbedrifta AdmMit tilbyr eit digitalt styringssystem for bedrifter innan både personell og materiell. Systemet kom opphavleg på plass med tanke på behovet i transportbransjen, men bedrifta ynskjer på sikt å utvide marknaden til og å gjelde mange andre bransjar. No har AdmMit nesten 300 kunder og 12000 brukarar. 

–  Dette viser at kundane er interesserte i produktet vårt, og marknaden me dekkar no er liten i forhald til ambisjons- og moglegheitsnivået. Det er klart at koronatida også har påverka oss, me likar oss best ute på vegen der me kan møte kundane fysisk. Me hadde kanskje selt endå meir hadde me ikkje vore gjennom denne pandemi-perioden, meiner Nielsen. 

–  Produktet vårt er komplekst,difor er det alltid kjekt å møte kundane for å vise fram og forklare ein del. 

I 2020 hadde AdmMit ein omsetnad på i overkant av 12,5 millionar kroner, samanlikna med 10,2 i 2019. 

–  Me har hatt god vekst også dette året, salsmessig går me mot ein rekord i 2021. 

Kåringa av teknologibedriftene i vekst er arrangert av Deloitte Technology, tanken bak er å vise fram nytenkande bedrifter som klarer å vekse over tid. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden