Tarmar, blod og kuskit kan bli drivstoff

Gjennom selskapet Biovind kan slakteriavfall og husdyrgjødsel i Vindafjord bli omgjort til biogass og drivstoff.


Bak initiativet Biovind AS står Rune Furseth som i 2014 tok fatt på å sjå på moglegheitane for å utvikle biogass av avfallsmateriell. I 2017 fekk han med seg broren Stian Furseth, bonde Kjell Thomas Kirketeig og ingeniørane Frode Bauge og Arild Hårde, til å videreutvikle selskapet.

- Eg syns det var lite fokus på alternative kjelder for drivstoff og energi på Vestlandet og Haugalandet, og starta å utforske moglegheitane her på eiga hand. Målet er å bidra til å skape grøn energi og drivstoff til lokale transportørar, og ikkje minst redusere utslepp, seier Rune Furseth som og er dagleg leiar i Suldal Transport.

Kva er biogass?

Husdyrgjødsel frå blant anna kyr og gris blandast saman med slakteriavfall og skapar råbiogass (metan), denne gassen kan oppgraderast og bli komprimert slik at det blir om lag 95% metan. Vidare kan biogassen gjerast flytande og kan då brukast som drivstoff i transportbransjen. Ut av denne prosessen blir Co2 (bio) av industrikvalitet eit biprodukt. Co2 kan brukast til blant anna oppvarming og i slakteriene.

Pilotprosjektet bruker ein nybrotsreaktor utvikla av Antec Biogas. Denne vil bidra til at prosessen med å gjere om avfallet til biogass og drivstoff tek mindre tid, enn ved tradisjonell teknologi. I tillegg vil eit slikt anlegg være meir fleksibelt ved at ein kan bygg modul for modul, og ha mindre fotavtrykk en tradisjonelt anlegg. Foto: Biovind.

- Dette gjer at me brukar metan som elles hadde gått rett ut i lufta, slik får me redusert ein del av landbruket sitt utslepp. I tillegg får bøndene meir utav avfallet dei leverer inn, seier Furseth. Bøndene leverer inn husdyrgjødsel, og nødvendig råstoff og materialar hentast ut. Dei får deretter gjødselen sin i retur i ei tynnare form som er meir anvendeleg og tilnærma luktfri. Store deler av fosforet er også tatt ut når den blir levert tilbake til bonden, då er omlag 70-80 % av fosforet blir igjen i tørrstoffet. Tørrstoffet jobbar dei med å finne kommersielle løysningar på også, som erstatning for mellom anna kunstgjødsel.

Furseth viser til regjeringa sine mål om å kutte klimagassutslepp der jordbruksnæringa står for om lag 9% av utsleppa på landsbasis, og heile 36,5 % i Vindafjord. Og der regjeringa har ein uttalt ambisjon om at 30% av husdyrgjødselet skal gjennom ein biogassreaktor innan 2020, som eit av tiltaka for å redusera utsleppa frå bonden.

- Det byrjar å haste, seier Furseth med eit smil.

Pilotprosjekt

- Me driv på med eit pilotprosjekt på Landbruksskulen på Ås nå der me testar samansetning, kombinasjon og mengdeberekning av landbruksgjødsel og slakteriavfall, seier Furseth og legg til at dei køyrer ei last med slakteriavfall til testanlegget i månaden.

Pilotprosjektet går føre seg på eit anlegg der dei blant anna bruker ein nybrotsreaktor utvikla av Antec Biogas. Denne vil bidra til at prosessen med å gjere om avfallet til biogass og drivstoff tek mindre tid, enn ved tradisjonell teknologi. I tillegg vil eit slikt anlegg være meir fleksibelt ved at ein kan bygg modul for modul, og ha mindre fotavtrykk en tradisjonelt anlegg.

Selskapet Biovind er i startfasen og driv nå på å testar samansetningane av avfall. Det er eit stykke til å gå før dei får tatt stilling til val av teknologi, avtalar med leverandørar av avfall, lokasjon, finansieringsløysingar, og kvar biogassen eventuelt skal anvendast og seljast.

- Det er mange ting som må på plass før me kan seie noko sikkert, men ved produksjon kan volumet me har sett føre oss bidra til å skape mellom 20-40 arbeidsplassar og ha ein verdiskaping på mellom 50-70 millionar, fortel Furseth.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden