Hopp til innhald

Taktfast handverk

I Ølen tikkar det framleis trufast i klokkene hjå Urmaker Arnestad. Han har tru på ei framtid, også for små spesialbutikkar i distrikta.

Image
Sveinung Arnestad har mange timar med lupe på brillene, og i djup konsentrasjon over klokkene. Handverket urmakar er UNESCO-freda.

– Skal du bli urmakar må du vere tolmodig og glad i detaljar, det er eit tidkrevjande arbeid, seier Sveinung Arnestad og viser veg inn på verkstadrommet bak butikklokalet i Ølen.

På brillene sit lupa som fylgjer urmakaren gjennom heile dagen. Å reparere klokker tar tid, Sveinung veit at detaljane betyr alt for at klokka skal finne tilbake til sin gamle og rette rytme. Sveinung Arnestad er andre generasjon urmakar i Ølen. Han var tidleg med i butikken hjå faren, her måtte han arbeide for å få vekepengar. Best likte han seg på verkstaden, ute i butikken der kundane kunne kome med vanskelege spørsmål var det skummelt. Etter kvart kom spørsmålet om han kunne tenkje seg å overta. Sveinung ville derimot ut, arbeide med grovare material, og tok utdanning som industrirøyrleggar.

– Det var nok eit motsvar mot dei som forventa at eg skulle overta, eg ville gjerne gjere noko heilt anna. Men det varte ikkje så lenge.

Utdanna i Danmark

For barndomsåra som hjelpegut hjå faren hadde likevel sett tydelege spor. Etter militæret reiste han til Danmark for å ta utdanning som nettopp urmakar. I dag er Sveinung stolt over yrket sitt, som også er UNESCO-verna som handverk.

– Dei er veldig flinke i Danmark. Her reiste me ned og studerte i ein periode over tre til fem månadar, totalt fire år, før me reiste heim og praktiserte det me hadde lært. Eg fekk meg læreplass i Haugesund og pendla mellom den og skulen i Danmark.

– Det første ein byrjar med er veggur. Då øvde me på å setje saman, reparere og sjå korleis alt heng saman. Vegguret er såpass stort at det er det enklaste å byrje med, så tek ein klokkene for seg vidare.

Verkstadrommet hjå Arnestad fungerer også som kontor og lunsjrom. Her blir bestillingar notert medan ein skifter batteri i klokker, reinsar, smørjer og leiter etter feil. Nokre klokker får også inngravert helsingar og namn. Ofte må maten vente til langt over lunsjtid.

– Eg sa jo at eg skulle ete før de kom i dag, men eg klarte jo ikkje det, seier Sveinung og ler.

På arbeidsbordet hans ligg eit gamalt lommeur som skal få nytt liv.

– Mange av desse klokkene har mykje affeksjonsverdi for kundane, og difor vel dei og å legge pengar i dei.

Populære julegåver

Mykje har forandra seg gjennom åra. Det gjeld også hjå urmakaren som i tillegg til klokker har kikkertar, smykke og bunadssølv i butikken.

– Far min hadde alltid lister over dei som skulle bli konfirmerte det året, me visste at dei ville kome og kjøpe klokker. Slik er det ikkje lenger. Men me sel klokker til dei som ynskjer seg ny sjølv, eller dei som vil gi ei fin gåve. Klokker er ei populær julegåve, og då gjerne opp mot ein prislapp på 10 000 kroner, den klokka me absolutt sel mest av er Seiko, fortel Sveinung.

Klokkene i butikken ligg frå 1000 og opp mot 30 000 kroner i verdi. Mange veit mykje om klokkene dei ynskjer å kjøpe eller gi vekk, som alt anna er klokker ein eigen vitskap for dei interesserte.

– Sjølv går eg med Seiko Prospex, som har ei fin grønfarga tallskive. Fargen er faktisk inspirert av dei grøne sedertrea på øya Yakushima, et føretrekt dykkeområde som ligg sør i Japan. Når kundane står i butikken og fortel meg historie og bakgrunn for sine klokker, lærer eg og mykje, seier urmakaren.

Likevel hugsar han godt klokkene kundane kjøper, og veit kva dei har interesse for. Kundane kjem frå heile Haugalandet, og mange blir overraska over utvalet han kan tilby. Sjølv om Sveinung ser at netthandel er ein stor konkurrent, har han og sjølv laga nettbutikk for å ha eit ekstra bein å stå på. Sveinung ser og at digitale kanalar og sosiale medium er viktig for å kunne satse framover. Sjølv har han tre barn, men trur ingen av dei vil velje same vegen som han og faren.

– Dei har og vore med her, men eg har aldri snakka om dette som noko dei bør ta over. Dei har valt seg andre retningar.

Treng ikkje smartklokke

Smartklokkene som mange spring rundt med i dag har Sveinung lite til overs for. Klokka skal passe tida, og vere til pynt meiner han. Ikkje telje steg eller fylgje med på pulsen din.

– Du treng ikkje klokka til å fortelje deg om du søv nok eller trenar nok, det er berre tull, seier han og smiler. Vel vitande om at klokketrenden har sett seg godt fast blant folk.

– Men mange vil og ha ei anna klokke dei kan bruke til dressen eller i andre samanhengar. Det er godt å sjå.

Er det fleire menn enn kvinner som er opptekne av klokker?

– Ja, det trur eg faktisk. Me ser og at eldre dameklokker ikkje er så mykje verdt som mennene sine. Eg veit ikkje kva det kjem av, men det er fleire menn som er opptatt av funksjonane i klokka, og det er fleire menn som kjøper dyre klokker. Slik er det berre.


Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips