— Det er fem lærlingar her no fordelt på to fag (men tibyr tre fag red.adm). Alle som har vore lærlingar her har fått jobb her vidare. Det skal vere krise om me ikkje kan tilby jobb etter ferdig læretid, seier Tore Andre Helgevold som er lærlingansvarleg og produksjonsleiar i Vest Stål & Fasade.
Fleire av lærlingane har også valt å gå andre retningar etter dei har jobba ei stund.
— Alltid behov for fagpersonar
Å ta eit fagbrev og bli kvalifisert fagperson vil aldri vere bortkasta, og dette er også noko han anbefaler sterkt til andre bedrifter, seier Helgevold.
— Sjølv om ting blir automatisert, så er det og vil det alltid vere behov for fagpersonar, seier han.
Halvard Hjelmeland Moe frå Etne har vore lærling som platearbeidar i Sandeid-bedrifta det siste halvanna året. Han trivst godt i rolla som lærling, og det var lett å føretrekka læreplass over studiespes. og studiar.
— Eg føretrekk å vere lærling og jobba, og jobba meg oppover, i staden for ta studiar, seier Hjelmeland.
— Du får mykje friheit og det er veldig greitt, legg han til om rolla som lærling.
Planen vidare etter eit fagbrev er han ikkje sikker på rett enda, men det er ikkje tvil om at å vere lærling var det rette valet.
Industri og helse
Anette Lauareid Hovda frå Haugaland opplæringskontor viser til at det er totalt 82 lærlingar fordelt på 24 ulike fag i Etne og Vindafjord.
Det er Etne og Vindafjord kommune som står for den største delen læreplassar, og det er primært innanfor helse- og omsorg. Det er totalt 10 helsefagarbeidarar og 11 barne og ungdomsarbeidarar fordelt i dei to kommunane.
Det er også forståeleg nok ein del lærlingar i industrien. Det er per dags dato åtte industrimekanikarar i Etne og Vindafjord, der Westcon står for sju av dei, og MCE med éin.
Får ikkje dekka behov
— Det er primært lokale lærlingar, som har gått på skule der lærefaga er, men det er også nokon som kjem utanfrå, seier Hovda.
Ho legg også til at dei fleste som søkar læreplass, får det. Men.
— Det er alltid nokon som ikkje læreplass, og det er typisk folk frå andre plasser en her, som ikkje har fått tilbod i nærleiken av der dei bur, seier Hovda.
Det går også motsett. Nokon bedrifter slit med å rekruttere.
— Bilfaget har vore vanskeleg å rekruttere, seier Hovda.
Ho drar fram lokasjonen til VGS-linjene som ein naturleg årsak, og at det er ofte bedrifter i Haugesund-området som får dekka deira behov, då VGS utvalet her er meir breidd.