Sterke Gaselle-namn i Etne og Vindafjord

Marita Grønstad som driv Fjång og Ung/Kar i Etne har fått Gaselle-status som den einaste bedrifta i kommunen. I VIndafjord er det derimot fleire sterke namn som får den ettertrakta statusen.

Marita Grønstad i Etne får Gaselle-status som dein einaste bedrifta i Etne, i VIndafjord er derimot lista lenger. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

Marita Grønstad driv dei populære klesbutikkane i Etne og får no Gaselle-status for rask vekst og utvikling. I Vindafjord kommune er det heile åtte bedrifter som får heidersmerket. Desse er: Jakob Hatteland Resources, Imsland Landhandel, Admmit, Vest Stål & Fasade, Bjarne Nordtveit, Vats Anlegg, Skeie Byggservice og Ølen Møbel. 

Det er Dagens Næringsliv som kvart år kårar dei mest suksessfulle bedriftene i kvar kommune. Kriteria for å få statusen er å minst doble omsetnaden over fire år, levere godkjente rekneskap, omsetnad på over ein million kroner første året, positive rekneskapstal og at ein er eit aksjeselskap.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden