SMV med nye kontraktar


Sunnhordland Mek. Verkstad har inngått avtalar om levering av gule spesialkøyretøy til Speira Karmøy, Hydro Aluminium Karmøy, og til Rio Tinto på Island. I tillegg til Skåneviksbedrifta er det berre fire andre bedrifter internasjonalt som produserer desse spesialkøyretøya. Dei tre avtalane som er inngått no betyr mykje for å vedlikehalde og utvikle kompetansen og omsetnaden i bedrifta.


Internasjonal levering
Image
Denne maskina skal brukast til å skifte anoder i elektrolysehallar hjå Rio Tinto på Island.

Våren 2022 skal det leverast ein maskin til Rio Tinto på Island som blir brukt til å skifte anoder i elektrolysehallar på aluminiumsverk. Lars viser til at dette er tredje køyretøyet dei leverer til kunden på Island.

– Dei har mykje eigenprodusert kraft som dei nyttar til tre store smelteverk. Dei har vore ein viktig kunde for oss, seier dagleg leiar Lars Hovda.

I tillegg skal det også i løpet av våren leverast ein anodetransporter til Hydro Aluminium Karmøy for transport av nye og gamle anoder i elektrolyse-hallar og anodemontasje. Første kvartal neste år skal ein og levere ein elektrisk palletruck til Speira AS på Karmøy, denne maskinen blir brukt til å frakte palettar med aluminium-coil med ei samla vekt på 32 tonn.

Grønt skifte

Køyretøya som no er bestilt er skreddarsydd til kvar kunde. Lars legg og vekt på at dei fleste køyretøya som SMV designar og byggjer no er dieseldrivne, men at ein no står framfor ei endring.

– Det skjer ei endring i forhold til det grøne skiftet, og me forventar at framtidige leveringar i større grad vil vere elektriske maskiner, fortel han. SMV ventar og avklaring på ei rekke andre tilbod rundt årsskiftet, både på køyretøy og andre stasjonære spesialmaskiner mot fleire marknadar. Noko som også fører til at dei ynskjer å rekruttere.

– Sidan me forventar stor aktivitet også på lenger sikt har me behov for å tilsette dyktige folk som likar å jobbe med teknisk avanserte maskiner og utstyr, seier Lars.

Bedrifta har 42 tilsette, av dette 10 ingeniørar, maskinane vert produsert i eigen verkstad.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden