Det var ein særs uventa førespurnad Bjarne Nordtveit fekk på telefonen hausten 2024.
— Eg hadde aldri sett for meg at Tveit Maskin skulle ta initiativ om samanslåing, og iallefall ikkje den vegen. Det var heller meir nærliggande å tru at dei skulle ha ønskt å kjøpe opp oss, fortel Nordtveit.
Godt rykte i bransjen
For Tveit Maskin AS var det likevel eit naturleg tidspunkt for å gi stafettpinnen vidare. Ingen i neste generasjon var interesserte i å overta og tilsette som hadde gått inn på eigarsida var ikkje klare for å overta heile ansvaret for vidare drift. Det var ikkje tilfeldig at dei gjekk til denne konkurrenten.
— Årsaka til at me kontakta Bjarne Nordtveit AS, var at dei har mange likskapar med oss. Me jobbar mykje med dei same typane oppdrag, selskapet har eit godt og solid rykte i bransjen og er også kjend for eit godt arbeidsmiljø, fortel Toralv Tveit.
Nordtveit er heller ikkje sparsam med godorda.
— Tveit Maskin har opparbeidd seg ein alvorleg kundekrets. Namnet deira er sterkt, dei er kjende og respekterte. Me er veldig glade for at dei vil slå seg saman med oss.
Neste generasjon Nordtveit står klar
Begge selskap vart stifta av generasjonen over dei. Sigmund Tveit starta Tveit Maskin på midten av femtitalet og sonen Toralv tok over i 1980. Dei var tre mann i starten og i dag tel bedrifta ti tilsette. Far til Nordtveit starta med ei gravemaskin i 1974, og i 1981 tok Bjarne over. Begge selskapa har vakse gradvis, særleg dei siste ti åra. No står neste generasjon for tur.
— I 2013 byrja eg å tenkje på nedtrapping. Samstundes nemnde nevøen min Robert på at han ville starte opp for seg sjølv. Eg lurte på om han ikkje kunne tenkje seg å prøve seg her heller, og det ville han. No er eg avtroppande dagleg leiar og han påtroppande, seier Bjarne Nordveit med eit smil.
Sterkare saman
Dei to selskapa har hatt mykje jobb lokalt dei siste åra, og fleire av dei er på større prosjekt. Bjarne Nordtveit AS har utført arbeidet i Miljøgata i Vikedal og held no mellom anna på med sanering av Kårhusfeltet i Nedre Vats. Hjå Tveit har dei hatt fleire oppdrag i Haugesunds-området med leilegheitsbygg på Hasseløy, logistikkbygg på Årabrot og no står dei for grunnarbeidet til nytt Omega 365-bygg i Ølensvåg.
Sjølv om begge selskapa trives i noverande storleik, ser dei likevel at ein vekst er ein fordel.
— Me ser at både krav til dokumentasjon og kompetanse i marknaden utviklar seg i ein retning der det kan vere ein fordel å vere større, særleg i anbodskonkurransar. Det overordna målet er likevel å fortsette drive vidare det som er bygd opp over tid. Me skal vere imøtekommande med kundar, gjere ein skikkeleg jobb og oppretthalde omdømmet som ein seriøs aktør som kan ta på seg større jobbar, fortel Sølvi Nordtveit.
Opp ein divisjon
For Bjarne Nordtveit AS vil fusjonen med Tveit Maskin AS også føre med seg nokre tekniske fordeler.
— Sentrale godkjenningar legg føringar for kor store oppdrag me kan ta på oss. Me er per i dag i tiltaksklasse 2 medan Tveit er i tiltaksklasse 3, som er den høgaste. Då kan ein ta på seg dei største oppdraga og me er særs glade for å kunne tilby dette no når me går saman med dei. Me rykker opp ein divisjon, fortel ein nøgd Robert Nordtveit.
Samlar seg på Knapphus
Dei har kun fått gode tilbakemeldingar frå dei tilsette i begge selskapa, som gler seg til den nye arbeidskvardagen. På sikt skal verksemda samle seg på Knapphus, men dei har ikkje hastverk.
— Det er kun nokre tekniske detaljar som gjenstår før fusjon, men det er viktig at me tek oss god tid. Selskapa vert køyrt parallelt ei stund til. Kundane må forsette å ta kontakt med dei dei vanlegvis har kontakt med, både før og etter at me har slått oss saman, oppfordrar Sølvi Nordtveit med eit smil.