Samla til føredrag om berekraft

Denne veka har Ølen VGS temaveke om berekraft. I den forbindelse fekk elevane ei innføring i kva dei lokale bedriftene gjer for å sørgje for ei berekraftig utvikling. Elevane fekk også tips til å ta meir berekraftige val sjølv.

Aleksander Stople frå Norsk maskinformidling – «Bærekraft – mens jobben skal gjøres!» Foto: Bjørn Gunnar Husby

Alle klassane frå Ølen VGS tok den korte turen bort til kulturhuset for å få med seg føredraga.  

Programmet var følgjande: 

Aleksander Stople frå Norsk maskinformidling – «Bærekraft – mens jobben skal gjøres!» 

Jon Sigve Olsen frå Det Gule Hus – «Gjenbruk, forretningside og praksis»

Ingeborg Johansen frå De Boss – «Fuglar som plukkar boss og andre lure idéar»

Stig Hatteland frå Hatteland – «Lokalt arbeid for en strålende framtid»

Inga K. Wangensteen frå Omega 365 Design – «Frå Temu til Tise – korleis bankkortet ditt er eitt av dine skarpaste våpen i klimakampen»

 — Viss dei ikkje lærte noko nytt om berekraft i dag, så er eg mektig imponert over kunnskapsnivået deira i utgangspunktet, sa avdelingsleiar for studiespesialisering ved Ølen VGS, Gjertrud Helland på spørsmål om elevane drog nytte av føredraga.

 Del av læreplanen 

«Berekraftig utvikling» er eit av tre tverrfaglege tema i læreplanverket. Det er nettopp derfor Ølen VGS har landa på å ha ei temaveke som omhandlar berekraft.    

— Dei tverrfaglege tema tek opp samfunnsutfordringar som både er aktuelle i dag og vil vere det i lang tid framover. Studieførebuande hos oss harei veke i året med særskilt fokus på eitt av emna, i år er det berekraft.

 Utover i veka skal elevane mellom anna ha eit eige "klimatoppmøte" på skulen og eit berekraftig kulturmøte, der 70 flyktningar kjem på besøk. Fredag skal det haldast sponsorløp for «Dagsverk Korosten», som gir inntekt til byen Korosten i Ukraina. 





Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden