Pop-up shop med julestemning


– Me tilbyr profesjonell julefotografering, vaflar, kakao og sjølvlaga til- og frå-lappar som folk kan komme innom og kjøpe, fortel Anna Monstad som går VG2 på mediefag.

Pop-up shopen er drive av elevbedrifta Alfa Omedia. Denne har fjorten elevar starta som del av programfaga deira på VG2, og målet er å flytte undervisninga ut av klasserommet.

– Poenget med elevbedrifta er å gi dei praktisk erfaring i faga. Her lærer dei ikkje berre teorien, men må også tenkje at det dei tilbyr skal vere relevant for marknaden, dei får kundekontakt og kjenner på ein større eigarskap til prosjektet, fortel lærar Kees Fjellvang.

Julebutikken gir allereie meirsmak og dei utelukkar ikkje at ein vil sjå dei på nytt ved eit seinare høve.

– Viss det blir suksess, er det godt mogleg me kjem tilbake med andre produkt på eit seinare tidspunkt. Me har vore i dialog med Skudenes bryggeri om brus med sjølvproduserte etikettar, så dette er noko av det me vurderer, fortel Fjellvang.

Image
Syskna Eline, Fredrik og Maja Apeland Haugen fekk sikra seg bilete med julestemning fredag ettermiddag.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden